Georges Serge Grün () er ein belgisk tidlegare fotballspelar frå Schaerbeek, mangeårig midtstoppar i RSC Anderlecht og på Belgia sitt landslag.
Karriere Klubbspel Grün spelte for Anderlecht i tida 1982-90 og på ny 1994-96. Her var han med om å vinne den nasjonale seriemeisterskapen tre år i rad, 1985-87, og der etter den nasjonale cupen to år i rad, 1988-89. Våren 1990 var Grün kaptein då Anderlecht tapte cupvinnarcupfinalen etter 120 minuttars spel mot italienske Sampdoria. I tida mellom Anderlecht-tenestene, 1990-94, tok han plass i Parma-forsvaret. Med den italienske klubben vann han den italienske cupmeisterskapen 1992 og året etter cupvinnarcupen 1993 med finalesiger 3-1 over Royal Antwerp. Grün avslutta profflivet med ein sesong i den nyopprykka Serie-A-klubben Reggina i 1996/97.
Landslagsspel Grün landslagsdebuterte under EM i fotball 1984 og skåra det andre målet då Belgia vann 2-0 mot Jugoslavia i franske Lens. Han spelte alle seks kampane til Belgia då laget vart nummer fire i VM i fotball 1986 i Mexico. Grün deltok også i Fotball-VM 1990 og 1994. Frå 1991 til han spelte sin siste landskamp i november 1995 var han lagkaptein i 24 kampar. Totalt skåra Grün seks landslagsmål.
Merittar Vinnar av Cupvinnarcupen: 1993 med Parma Belgisk seriemeister: 1985, 1986, 1987 med Anderlecht Belgisk cupmeister: 1988 og 1989 med Anderlecht Italiensk cupmeister: 1992 med Parma
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Georges Grün» frå , den 30. september 2018.
eu-football
Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Parma-spelarar Kategori:Reggiana-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994