Veien til Agra er ei barnebok av Aimée Sommerfelt frå 1959. Ho er ei dei best kjende bøkene til Sommerfelt, og fekk internasjonal merksemd. Boka er omsett til ei rekkje språk og har fått fleire prisar.
Handling mini|Taj Mahal i Agra. Boka handlar om to sysken i India, trettenårige Lalu og systera hans Maya på sju, som er på veg frå Allahabad til Agra. Maya lid av ein alvorleg augesjukdom som er i ferd med å gjera ho blind. Vegen er støvete, brennheit og prøvande, og om natta trugar slangar og sjakalar. Men borna held motet oppe, for dei har høyrt at sjukdomen kan heilast på sjukehuset i Agra. På vegen møter dei både snille og slemme menneske, og får ri på elefant. Til slutt kjem dei fram og får hjelp av europeiske legar.
Høyrespel og fjernsynsoppfølging Kort tid etter utgjevinga av boka bestemte NRK Radio seg for å laga eit høyrespel av boka. Ebba Haslund utarbeidde manuset, og instruksjonen var ved Erik Lassen. Høyrespelet var i fire delar som vart sende i Lørdagsbarnetimen. Fyrste gong det vart sendt var i mars 1960.
I 1963 var boka utgangspunkt for ein konkurranse i NRK Fjernsynet sin barneprogramserie Kosekroken. Året etter, i 1964, bygde Kosekroken vidare på høyrespelet og aktivitetskonkurransen, og sende dessutan ein serie kortfilmar som illustrerte utvalde scener frå høyrespelet og boka.
Prisar I 1959 mottok Sommerfelt forlaget Damm sin «ekstrapris» på 5 000 kroner for Veien til Agra. Dette var fyrste gong ekstraprisen vart delt ut.
I 1960 mottok boka Kyrkje- og undervisningsdepartementets førstepris som ei av dei to beste barnebøkene som vart gjevne ut i Noreg i 1959.
I 1962 vann forfattaren Jane Addams Peace Book Award frå Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom. Ved utgangen av 1962 hadde boka vunne i alt ni ulike prisar.
Omsetjingar Per desember 1962 hadde Vegen til Agra vorte omsett til 14 språk.
Oppfølgjar Hausten 1962 gav Sommerfelt ut ein oppfølgjar til Veien til Agra. Oppfølgjaren hadde tittelen Den hvite bungalowen, og var illustrert av Ulf Aas nett som den første boka. Då Den hvite bungalowen vart sendt ut på marknaden vart Vegen til Agra allereie omtalt som ein verdssuksess.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Veien til Agra» frå , den 29. september 2018.
Bakgrunnsstoff Veien til Agra digitalisert utgåve av boka ved Nasjonalbiblioteket; utgåva frå 1959 er illustrert av Ulf Aas. Den hvite bungalowen digitalisert utgave på Nasjonalbibliotekets nettsider; illustrert av Ulf Aas.
Kategori:Norske barnebøker Kategori:Bøker frå 1959