Rain Crow er det 21. studioalbumet til den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut 27. mai 2016 på Yep Rock Records.
Albumet var produsert av sonen Jody White, og kona Leann White er medlåtskrivar på to songar.
Allmusic skreiv om albumet: «Den beste musikken til White har alltid hatt meir enn ein fot i bluesen og Rain Crow minner ofte om den hypnotiske urskog-stilen til R.L. Burnside og Junior Kimbrough, bygd på ein groove som dreg så langt og så djupt som han treng å gå. Rain Crow tråkkar ikkje opp nye stiar for Tony Joe White, men det er ikkje tvil om at han framleis er kongen av sin eigen swamp-stil, og han vert ikkje eldre, han vert djupare.»
Innhald
Medverkande
Musikarar Tony Joe White - gitar, vokal, munnspel Steve Forrest - bass Bryan Owings - trommer, perkusjon Tyson Rogers - klaverinstrument
Teknisk Produsert av Jody White Innspelt og miksa av Ryan McFadden Fotografi av Anne Goetze.
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2016 Kategori:Tony Joe White-album