Helse Sør-Øst RHF (der RHF står for regionalt helseføretak) er eit av dei fire regionale helseføretaka i Noreg, og er eigar av dei offentlege sjukehusa og andre offentlege helseføretak i fylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Dessutan samarbeider Helse Sør-Øst RHF med private sjukehus og institusjonar. Til saman 2,9 millionar personar er busette i den luten av Noreg som Helse Sør-Øst RHF skal tene.
Helse Sør-Øst RHF vart skipa 1. juni 2007 ved at dei tidlegare regionale helseføretaka Helse Sør og Helse Øst var slege saman, og har hovudkontor i Hamar, kontorstad i Skien og møtesenter i Oslo. Føretaket har om lag 160 tilsette i administrasjonen.
Sjukehus og andre føretak under Helse Sør-Øst RHF Sjukehusa og andre verksemder under Helse Sør-Øst RHF er organisert som såkalla helseføretak, HF:
Akershus universitetssykehus HF, vanlegvis omtalt som Ahus. Oslo universitetssykehus HF, med sjukehusa Aker sykehus, Gaustad sykehus, Radiumhospitalet, Rikshospitalet, Spesialsykehuset for epilepsi (SSE), Ullevål sykehus Sunnaas sykehus HF, det største spesialsjukehuset i Noreg for rehabilitering og fysikalsk medisin. Sykehuset i Vestfold HF Sykehuset Innlandet HF med verksemd på 42 stader i Hedmark og Oppland, mellom anna seks somatiske sjukehus, to psykiatriske sjukehus, fleire distriktspsykiatriske sentera (DPS), barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) og habiliterings- og rehabiliteringseinigar, 29 ambulansestasjonar. Sykehuset Telemark HF Sykehuset Østfold HF Sørlandet sykehus HF Vestre Viken HF med Bærum sykehus, Drammen sykehus, Kongsberg sykehus, Ringerike sykehus og Hallingdal sjukestugu, psykiatriske sjukehusavdelingar ved Blakstad og Lier, fem distriktpsykiatriske sentre (DPS-er), tilbod innanfor barne- og ungdomspsykiatri og rusproblematikk. Sykehusapotekene HF Sykehuspartner HF, som har det overordna ansvaret for IKT-, HR- og innkjøpstenester til alle sjukehusa i regionen.
Kjelder
Internettsidene til Helse Sør-Øst RHF
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 2007 Kategori:Regionale helseføretak