Dei tibeto-burmanske språka er ein av dei to greinene i den sino-tibetanske språkfamilien, den andre greina er den sinittiske. Tibetoburmanske språk blir snakka i ulike sentral- og sørasiatiske land: Myanmar, Nordthailand, Nepal, Bhutan, i delar av Kina, India og Pakistan.
Språkfamilien omfattar omtrent 340 språk, og blir snakka av omtrent 70 millionar menneske. Det største språket i familien er burmesisk, med ca. 32 millionar talarar.
Andre viktige tiibetoburmesiske språk er: Tibetansk Nepal bhasa/newari Dzongkha (offisielt språk i Bhutan) Yi (Lolo) Bai Jingpo (Kachin) Lisu Qiang Lahu Hani Meitei (manipuri; offisielt språk i den nordaustindiske delstaten Manipur) Bodo (offisielt språk i den nordaustindiske delstaten Assam)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tibetobirmanische Sprachen» frå , den 24. juni 2006.
Bakgrunnsstoff
Ernst Kausen, Die Klassifikation des Sino-Tibetischen. (DOC)
Litteratur
Graham Thurgood and Randy J. LaPolla, The Sino-Tibetan Languages. Routledge, London 2003. George van Driem, Languages of the Himalayas. Brill, Leiden 2001. S. Robert Ramsey, The Languages of China. Princeton University Press, 1987.
Kategori:Språkfamiliar Kategori:Sinotibetanske språk