Nye Veier AS/Nye Vegar AS, er eit norsk statsaksjeselskap stifta 4. mai 2015. Selskapet overtok frå 1. januar 2016 ansvaret for utbygging og drift av visse motorvegar frå Statens vegvesen. Selskapet er etablert som ein byggherreorganisasjon og skal i første omgang ha ansvar for å byggja ut Europaveg 39 mellom Kristiansand og Ålgård, Europaveg 18 og Europaveg 6 i Trøndelag og Mjøsregionen.
Samferdsledepartementet forvaltar eigarinteressene til staten, og samferdsleministeren er generalforsamlinga til selskapet.
Styreleiar er Rolf G. Roverud og øvrige styremedlemmar er Dag Morten Dalen, Eli Giske, Siri B. Hatlen og Harald V. Nikolaisen. Hovudkontoret er lagt til Kristiansand.
Skriveform Kort tid etter lanseringa av Nye Veier vart namnevalet kritisert frå Noregs Mållag, sidan skriveforma vei er bokmål/riksmål, medan «veg» er tillate både på bokmål og nynorsk. For å stagga denne kritikken har følgjeleg det offisielle namnet fått eit tillegg i Nye Vegar, som er nynorsk for Nye Veier.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nye Vegar» frå , den 26. september 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Årsrapport 2017 (PDF) Kategori:Skipingar i 2015 Kategori:Norske statlege føretak Kategori:Norske transportselskap