Ray Quarles Edenton () er ein USA-amerikansk gitarist og countrystudiomusikar.
Edenton var fødd i Mineral i Virginia. Han vert rekna som ein av dei mest aktive studiomusikarane i Nashville og har spelt på meir enn 12 000 innspelingar som medlem av The Nashville A-Team. Den første innspelinga hans var for den amerikanske countryartisten Red Kirk sin versjon av «Lovesick Blues» for Mercury Records i 1949, men den første store hitten han spelte på var Webb Pierce sin «There Stands the Glass frå 1953. Edenton spelte på 26 av dei 27 countryhittane Pierce fekk, og andre kjende innspelingar som Everly Brothers sine «Bye Bye Love» og «Wake Up Little Susie», Marty Robbins sin «Singing the Blues» og Roger Miller sin «King of the Road».
Andre artistar Edenton spelte med var mellom andre Julie Andrews, Beach Boys, Gary Burton, Sammy Davis jr., Henry Mancini, Reba McEntire, Elvis Presley, Leon Russell og Neil Young.
Edenton pensjonerte seg i 1991.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ray Edenton» frå , den 26. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ray Edenton på Country Music Hall of Fame and Museum
Kategori:Musikarar frå Nashville Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Folk frå Louisa County i Virginia