mini|Eit heronfly frå BUIA De Havilland DH.114 Heron var eit mindre 4 motors propellerdrive passasjerfly som fyrst flaug i 1950.

Historie og utvikling Flyet var ei vidareutvikling av DH 104 Dove som fekk forlenga skrog og vart utstyrt med ytterlegare to motorar. Dei fyrste flya som vart produserte vart eksporterte til New Zealand Air.

Flyet vart ein heil-metall konstruksjon med ei tradisjonell låg-venga utforming med nasehjul. Det vart bygd over 150 eksemplar som vart eksporterte til over 30 land, mellom dei til Noreg.

Den første Heron, model 1A, hadde ein del veikskapar, mellom anna for små og for tunge motorar, og var utstyrt med fast understell og eit ikkje styrbart nasehjul. Detta forenkla vedlikehaldet, men drog også toppfarten ned.

Etter at det var bygd 51 fly av den første modellen gjekk de Havilland over til Model 2 med opptrekkbart understell, styrbart nasehjul og forbetra yting. Produksjonen opphøyrde i 1963.

Det vart bygd 149 Heron og det finst enno (i 2010) 36 fly lagra kringom i verda. Fem av desse skal vera i flygbar stand.Tidsskriftet Airliner World mai 2010

Heron i Noreg I åra 1952–1960 hadde Braathens 8 Heron registrert i Norges luftfartøyregister. Flya vart sett inn på dei to fyrste innanlandsrutene til selskapet:

Oslo–Stavanger, via Jarlsberg, Kristiansand (Kjevik) og Farsund (Lista) Oslo–Trondheim (Lade), seinare (Værnes) med Hamar som mellomstasjon fram til 1959, deretter Røros.

Flyflåten vart til dels utskifta med tre nye Heron 2B (LN-SUA, SUB, SUL) i 1956-58.Andersen, s. 68-70

LN-PSG – «Per» – 1952–1957 LN-SUD – «Ola» – 1952–1957 LN-BDH–1954–1954 LN-NPI/LN-SUL – «Pål»/«Ola» – 1955–1960 LN-SUR – «Lars» – 1956–1956 – Forulukka på Hummelfjell (Hummelfjell-ulukka) LN-SUB – 1957–1960 - «Per» LN-SUA – 1957–1958 LN-BFX Fjellfly LN-BFY Fjellfly LN-NPH Nor Flyselskap LN-BDS Vestlandske Luftfartsselskap – 1956–1957

Braathens var ein av dei aller fyrste operatørane av Heron, Nr. 2, 3 og 5 frå produksjonslinja vart leverte til sTidsskriftet Airliner World mai 2010 >

Kjelder

Gerry Sweet; artikkel DH114 Heron - The Dove`s Big Brother, Airliner World May 2010 Magazine utgitt av Key Publishing Ltd. Bjørn Holthe Andersen; artikkel Maks 5 om bord per motor!, Motorveteran nr. 7 2020 utgitt av Egmont Publishing

Denne artikkelen bygger på «De Havilland DH 114 Heron» frå , den 24. september 2018.

Litteratur

Audun Tjomsland: Mot alle odds : Braathens SAFE – 50 år på norske vinger. (1995) ISBN 82-990400-1-9

Kategori:Passasjerfly