University of the West Indies er eit universitet som tener 18 engelskspråklege statar og territorium i Karibia - Anguilla, Antigua og Barbuda, Bahamas, Barbados, Belize, Bermuda, Dei britiske jomfruøyane, Caymanøyane, Dominica, Grenada, Guyana, Jamaica, Montserrat, St. Kitts og Nevis, St. Lucia, St. Vincent og Grenadinane, Trinidad og Tobago og Turks- og Caicosøyane. Alle desse landa er anten medlemmar av Samveldet eller britiske oversjøiske territorium.
Universitetet har tre fysiske campusar: Mona i Saint Andrew Parish på Jamaica, Saint Augustine på Trinidad og Cave Hill på Barbados. I tillegg har det ein omfattande «open campus» som i dag hovudsakleg er internettbasert.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of the West Indies» frå , den 23. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Universitet på Jamaica Kategori:Universitet på Barbados Kategori:Universitet på Trinidad og Tobago Kategori:Saint Andrew Parish Kategori:Skipingar i 1948