mini|Vraket etter Hummelfjell-ulukka. mini|Bilete frå staden
Hummelfjell-ulukka var ei flyulukke som ramma Braathens S·A·F·E den 7. november 1956.
Eit Heron passasjerfly, LN-SUR frå Værnes flyplass ved Trondheim til Fornebu ved Oslo, styrta på Hummelfjell i Hedmark eit par mil sør for Røros. Flyet hadde 10 passasjerar og eit mannskap på to. Ein passasjer og kapteinen omkom.Aftenposten Morgen 9. november 1956 Ulukkesårsaka var uvanlig sterk ising og ein kraftig nedgåande luftstraum.
Flyulukka fikk stor mediemerksemd ettersom ein av passasjerane var den kjende radiomannen Rolf Kirkvaag. Han heldt håpet oppe hjå dei overlevande med konkurransar og song, og gjekk etter hjelp i den djupe snøen sjølv om han hadde brekt ein ankel. Han nådde fram til folk i grenda Hodalen i Tolga. To menn som hadde gått på ski frå grenda Hodalen i Tolga fann fotspora deira. Den eine følgde spora til Kirkvaag og medpassasjeren, fann dei og hjelpte dei tilbake til bygda. Den andre redningsmannen tok seg fram til flyvraket og fann dei overlevande, før han drog tilbake til bygda for å henta hjelp. Om kvelden blei dei overlevande redda ned frå fjellet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hummelfjell-ulukka» frå , den 22. september 2018.
Bakgrunnsstoff Accident de Havilland DH-114 Heron 2B LN-SUR, Wednesday 7 November 1956 ved Aviation Safety Networks Heltene i flystyrten. Omtale ved NRK.no «Berget livet med hjelp fra «Sjonkel Rolf»», NRK.no
Kategori:Luftfartsulukker i Noreg Kategori:Tolga kommune Kategori:Hendingar i 1956 Kategori:Braathens