Industrigata (3–71, 20–60C) er ei gate i bydel Frogner i Oslo. Gata har namn etter handverkarane som bygde eigne småhus i området ved Balkeby i 1850-åra og fekk namn i 1879.

Gata går frå Briskebyveien i krysset ved Løvenskioldsgate og endar i Fagerborggata. På vegen kryssar den blant anna Majorstuveien og Bogstadveien.

Utvalde hus og bygningar I nummer 3 ligg Briskeby brannstasjon som vart reist i 1963. Nummer 15, b, c og d er rekkehus i funkisstil oppført i 1931 og teikna av Nicolai Beer.

Nummer 21 er ein villa i nyklassisistisk stil teikna av Nicolai Beer og brukt som eigen bustad. Han mottok Sundts premie for arbeidet i 1922.

I krysset ved Majorstuveien ligg blokkbusetnaden Balkeby på høgre side når ein kjem frå Briskebyveien i retning Bogstadveien. Det er berre den eine blokka som har Industrigata som adresse; nummer 31 a-e.

Industrigata 40 er eit funkisbygg i 8 etasjar frå 1933 som vart teikna av Otto Valentin Juell og Otto Legaard Scheen. Bygget vart reist som hybelhus og ligg på hjørnet mot Bogstadveien.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Industrigata (Oslo)» frå , den 21. september 2018.

Den gule lista til byantikvaren

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Kategori:Bydel Frogner Kategori:Vegar i Oslo