Kjernebitar (Coccothraustes coccothraustes) er ein sporvefugl i finkefamilien Fringillidae. Han hekkar over mykje av Europa og temperert Asia. Han er hovudsakleg ein standfugl i Europa, men mange asiatiske fuglar rører lenger seg sør om vinteren. Dei næraste nolevande slektningane er gulbrynkjernebitar i Nord-Amerika og tåkekjernebitar i Mellom-Amerika, spesielt Mexico.
Skildring Den 16,5-18 cm lange kjernebitaren er ein kraftig bygd fink med stort hovud, tjukk hals og massivt nebb. Halen synast kort i flukt. Hovudet er oransjebrunt med svart augestripe og svart smekk, nebbet er mørkt om sommaren, men bleikare om vinteren. Øvre delar er mørkebrune og undersida oransje.
Dei kvite vengbanda og halsespissen er slåande i flukt. Kjønna er nokså like like. Kontaktropet er eit hardt, skarpt 'pix'. Songen til denne diskret fuglen er lågmælt mumlande 'zrri'.
Kjernebitaren er utbreidd i Europa frå Sør-Sverige, sørlegaste Noreg og Finland, Aust-Asia, inkludert Nord-Japan, Nord-Afrika (Marokko, Tunisia og Algerie). Han har fråvære frå Island, deler av Dei britiske øyane, det meste av Skandinavia og visse middelhavsøyer. I Asia lever han i Kaukasus, nordlege Iran, Afghanistan, Turkistan, Sibir, Mandsjuria og Koreahalvøya. Hekkeområdet dekker mykje av Europa og temperert Asia. Han er hovudsakleg ein standfugl i Europa, men mange asiatiske fuglar trekker sør om vinteren. Han er ein sjeldan streiffugl til dei vestlege øyane i Alaska og har dessutan vore observert som streiffugl på Island, Færøyane og Kanariøyane.
Lauvskog eller blanda skog, inkludert parkområde, med store tre - spesielt agnbøk - er favorisert til hekkinga. Kjernebitar byggjer reiret i ein busk eller eit tre og legg 3-5 egg. Maten er hovudsakleg frø og fruktkjernar, spesielt av kirsebær, som han knekker med det kraftige nebbet. Han er istand til å utføre ei kraft på opptil 50 kilogram mot ei nøtt. Denne store finkearten er vanlegvis sett i eit par eller ei lita gruppe.
Populasjonen er estimert til mellom ca 10 og 20 millionar modne individ og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hawfinch» frå , den 19. september 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:finkefamilien kategori:Fuglar i Noreg