Flughafen Berlin-Schönefeld er ei internasjonal lufthamn som ligg like søraust for bygrensa til Berlin, i kommunen Dahme-Spreewald i Brandenburg.

Schönefeld var tidlegare hovudflyplassen i DDR og den einaste flyplassen som tente Aust-Berlin.

Fordi Schönefeld ligg utanfor byen er han ei mindre kjelde til forureining i Berlin enn den andre flyplassen i byen, Tegel lufthamn, som ligg innanfor bygrensa.

Schönefeld vart under ombygging til den nye hovudlufthamna for Berlin, Berlin Brandenburg lufthamn som skulle vore opna i juni 2012, men opninga er utsett fleire gonger. I 2006 hadde flyplassen 6 331 191 passasjerar.

Ulukker

22. desember 1986: Eit Aeroflot Tu-134 styrta ved innflyging til flyplassen. 72 av 82 passasjerar og personell ombord døydde. 16. juli 1989: Ein Ilyushin IL-62M frå Interflug-Airlines styrta rett etter avgang i ein åker i Berlin. 21 personar døydde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berlin-Schönefeld lufthavn» frå , den 19. september 2018.

Kategori:Flyplassar i Tyskland Kategori:Samferdsle i Berlin