thumb|right|«Graf Zeppelin» i Berlin 1930. thumb|right|Bakkemannskap holder «Graf Zeppelin» nede på bakken. thumb|right|Kart som viser ruten for verdens første tur jorden rundt med luftfartøy.

LZ 127 «Graf Zeppelin» var eit tysk luftskip, oppkalt etter grev Ferdinand von Zeppelin. Med ei lengd på 236,6 m, ein diameter på 30,5 m og eit volum på 105 000 m3 var det datidas største luftskip. Det flaug fyrste gong 18. september 1928 og var utstyrt med fem 12-sylindra Maybach VL 2-motorar med ei samla effekt på 2850 hk ved 1 600 omdreiingar per minutt. Rekkevidda var 12 000 km ved marsjfart 115 km/t, toppfart var 128 km/t.

«Graf Zeppelin» blei til å begynne med brukt til eksperimentelle formål, men fløy samtidig post og passasjerer for å halde kostnaden nede. I oktober 1928 flaug skipet på sin fyrste langtur, til Lakehurst utanfor New York i New Jersey.

Ein gigant i lufta Den 8. august 1929 tok luftskipet av frå Lakehurst for å leggje ut på nok eit vågestykke: Verdas fyrste tur jorda rundt med luftfartøy. Den aukande populariteten til «luftens gigant» gjorde det lett for Zeppelin-selskapet å finna sponsorar utafor Tyskland. Størstedelen av media kom frå den amerikanske mediemagnaten William Randolph Hearst, som kravde at turen offisielt skulle starte frå Lakehurst. Passasjerane var nokre få prominente gjestar, mellom anna polarflygaren Hubert Wilkins i tilleggtil fotografar og journalistar som skreiv frå turen. Hearst hadde fått med to av sine eigne journalistar: Karl H. von Wiegand og engelske Grace Marguerite Hay Drummond-Hay, som var einaste kvinne ombord. Ho blei så den fyrste kvinna til å reise jorda rundt med luftfartøy.

Frå Lakehurst flaug «Graf Zeppelin» tilbake over Atlanterhavet til Friedrichshafen (heimbyen til Zeppelin-selskapet) ved Bodensjøen i Tyskland for å fylle drivstoff. Så flaug det over aude delar av Sibir som til no hadde vært ukjent, til Tokyo i Japan og vidare over Stillehavet, som fyrste luftfartøy uten mellomlanding, til Los Angeles på den amerikanske vestkysten og kom tilbake til Lakehurst 29. august.

Over Sibir blei det konstatert at Severnaja Zemlja ikkje var éi øy, som ein tidlegere hadde trudd, men to øyar. Då luftskipet var over Stillehavet kom det ut for eit forrykande uvær og fekk ein del skader. Det var sakna i to døgn. Heile turen rundt jorda tok 21 døgn, 5 timar og 31 minutt. Luftskipet kom tilbake til Friedrichshafen 1. september. Inkludert turen på forhand frå og etterpå tilbake til Friedrichshafen, flaug luftskipet internasjonale nautiske mil).

Den nederlandske regissøren Ditteke Mensink laga i 2009 filmen, Farewell, sett saman delvis av dokumentaropptak om denne turen og Grace Marguerite Hay Drummond-Hay sine dagboksnotat og avisartiklar.

I 1930 flaug «Graf Zeppelin» fleire ruter i Europa og til Sør-Amerika. Etter dette blei det bestemt at det skulle opprettast faste transatlantiske flygingar. Året etter flaug «Graf Zeppelin» over Arktis for forskingsføremål.

Etter Hindenburgkatastrofen i 1937 blei hydrogenfylte luftskip rekna som farlege. Ein månad etter ulukka vart «Graf Zeppelin» tatt ut av drift og gjort om til et museum. I 1940 blei alle attverande tyske luftskip destruerte. Aluminiumet frå skroga blei brukt i krigsindustrien. Kjelder Denne artikkelen bygger på «LZ 127 «Graf Zeppelin»» frå , den 17. september 2018.

Bakgrunnsstoff Video frå jordomflyginga på YouTube Film frå då «Graf Zeppelin» kom tilbake til New York i august 1929. Bilde av «Graf Zeppelin» frå verdsutstillinga i Chicago i 1933.

Kategori:Luftskip