Ogna kyrkje i Hå kommune i Rogaland fylke er i utgangspunktet ei langkyrkje frå 1200-talet. Mellomalderkyrkja hadde eit vesttårn i tre då ho brann etter lynnedslag i 1991. Murane i det gamle skipet utgjer ein del av ei ny kyrkje som vart oppført i 1995 med nytt kor og sakristi i tillegg til kyrkjelydssal, kjøken og kontor.
Før brannen hadde kyrkja altartavle og preikestol laga av Gottfried Hendtzschel. Desse vart totalskadde, men det er laga kopiar til den nye kyrkja. Steinplata i altarbordet og den åttekanta døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen.
Kjelder Ogna kyrkje på Kyrkjesøk Ogna kyrkjelyd
Bakgrunnsstoff
Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland (Riksantikvaren, 2016), s. 45–46 thumb|left|Slik såg kyrkja ut før brannen i 1991.
Kategori:Kyrkjer i Hå Kategori:Kyrkjer i Jæren prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske kyrkjer frå 1995 Kategori:Kulturminne i Hå