«Tuesday's Gone» er ein song av Lynyrd Skynyrd frå debutalbumet (Pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd) frå 1973. Songen kom òg med på det første konsertalbumet deira, One More From the Road.

Al Kooper la til Mellotron-strykarar på refrenget på songen. Det er ein av få Lynyrd Skynyrd-songar der Bob Burns, ein av dei originale medlemmane og trommisen i bandet, ikkje spelar på. Trommeslagaren i Atlanta Rhythm Section, Robert Nix, spelte på studioversjonen. Bob Burns spelte derimot på demoversjonen frå same innspelinga.

Andre versjonar Metallica spelte inn «Tuesday's Gone» på albumet Garage Inc., med ei gjesteframføring frå Gary Rossington, på guitar Pepper Keenan frå Corrosion of Conformity, John Popper frå Blues Traveler, Les Claypool frå Primus, Jerry Cantrell frå Alice in Chains og Jim Martin, tidlegare i Faith No More.

I 1988 vart songen spelt inn av countryartisten Hank Williams jr. som siste sporet på albumet Wild Streak.

Ian Stuart Donaldson frå Skrewdriver spelte inn songen med Stigger på albumet Patriotic Ballads 2.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tuesday's Gone» frå , den 14. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Lynyrd Skynyrd-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar om tog Kategori:Songar produserte av Al Kooper Kategori:Songar skrivne av Allen Collins Kategori:Songar skrivne av Ronnie Van Zant Kategori:Metallica-songar Kategori:Hank Williams jr.-songar Kategori:Gregg Allman-songar