Terje Hallgeir Tretnes, kjend som Terje H. Tretnes, () er ein samisk politikar. Han er partileiar i Samefolkets parti, og var representant for partiet sitt i Det norske sametinget i periodane 2001-2005 og 2005-2009.

Tretnes var ein av medlemmane i den såkalla «firarbanden», dvs. ei gruppe på fire einpartirepresentantar som utgjorde delar av Norske Samers Riksforbund sitt parlamentariske grunnlag frå 2005 til 2007.

Tretnes var fyrstekandidat for Samefolkets parti i Ávjovárri valkrins ved sametingsvalet i 2009, men han vart ikkje innvald.Eilif Aslaksen: «Inn på Sametinget på overtid» på nettstaden til NRK Sámi Radio. Publisert 18. september 2009

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Presentasjon av Terje H. Tretnes på nettstaden til Det norske sametinget «Terje Tretnes» på nettstaden til NRK Sameradioen

Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Sametingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Folk frå Karasjok