Andesdoradito (Pseudocolopteryx acutipennis) er ein sporvefugl i tyrannfamilien som lever i Sør-Amerika.
Skildring Som dei fleste andre doraditoar er denne arten ca. 11 centimeter i kroppslengd med vekt på opptil 10 gram. Fjørdrakta har ei einsfarga olivengrøn overside og ei klår gul underside frå strupen til undergumpen. Hos vaksne individ er nebbet svart og beina mørke. Hofuglar skil seg berre marginalt frå hannar i fjørdrakt.
Utbreiingsområdet er ikkje samanhengande, men ein finn arten i sentrale Andes i både Colombia og Ecuador, dessutan langs Andes frå nordlege Peru til nordlege Argentina, dessutan i mindre og isolerte område i Argentina og Paraguay. I Ecuador lever han mellom ca. 2400 moh. til 3500 moh. Sørlege populasjonar kan trekke utanom hekketida til lågare område aust for Andes i søraustre Peru, Bolivia, Paraguay og Argentina. Hekketida er frå desember til april.
Andesdoraditoar har habitat i takrøyrvegetasjon, våte grasmarker og tilstøytande område med låg, tett vegetasjon. Her lever dei av insekt som dei plukkar frå grasblad. Dei kan beite einskildvis eller i familiegrupper.
Den globale populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyrannfamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru Kategori:Fuglar i Bolivia Kategori:Dyr i Paraguay Kategori:Fuglar i Argentina