Eat a Peach er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Produsenten var Tom Dowd og albumet kom ut 12. februar 1972 i USA på Capricorn Records. Etter det store gjennombrotet deira med konsertalbumet At Fillmore East (1971), byrja The Allman Brothers Band å arbeide med det tredje albumet sitt. Mange i bandet sleit med heroinmisbruk og la seg inn til rehabilitering for å få bukt med problemet. Kort tid etter han forlet rehabiliteringa, omkom gruppeleiaren Duane Allman i ei motorsykkelulukke i heimbyen Macon i Georgia, så dette vart det siste albumet med gitaristen.

Eat a Peach var ei blanding av studioinnspelingar - både med og utan Duane Allman — og konsertopptak frå dei kjende konsertane deira ved Fillmore East i 1971. Albumet inneheld den halvtimes lange «Mountain Jam», som var lang nok til å ta opp to fulle sider på den originale doble vinylutgåva. Andre høgdepunkt er vokalisten Gregg Allman si framføring på broren sin favorittsong, «Melissa» i tillegg til Dickey Betts sin «Blue Sky», som vart mykje spelt på classic rock-radio.

Plateomslaget vart laga av W. David Powell og J.F. Holmes på Wonder Graphics, og syner bandnamnet på ein ferskenlastebil, i tillegg til eit stort veggmåleri av soppar og alvar.

Albumet kom ut som eit dobbeltalbum i februar 1972 og vart raskt ein suksess. Albumet klatra til fjerdeplassen på Billboard Top 200 Pop Albums-lista. Albumet selde seinare til platina og vart eit av dei bestseljande albuma i diskografien deira.

Innhald

Alle CD-utgåver av albumet inneheld heile «Mountain Jam» (med ei lengd på 33:38) som det fjerde sporet.

Luksusutgåva frå 2006 Disk ein

Spor 4 og 6 spelte inn 12. og 13. mars 1971 i The Fillmore East i New York. Spor 5 spelt inn 27. juni 1971 i Fillmore East i New York.

Disk to Konsertopptak frå det siste Fillmore East-showet i New York den 27. juni 1971

Medverkande All info frå plateomslaget.

The Allman Brothers Band Duane Allman – slidegitar, sologitar, akustisk gitar på alle spor utanom «Ain't Wastin' Time No More», «Les Brers in A Minor» og «Melissa» Dickey Betts – sologitar, solovokal på «Blue Sky» Gregg Allman – solovokal, orgel, piano, elektrisk piano, akustisk gitar Berry Oakley – bassgitar Jai Johanny Johanson – trommer, conga Butch Trucks – trommer, perkusjon, paukar, gong, vibrafon, tamburin

Produksjon Tom Dowd – produsent, miksing Johnny Sandlin – miksing Aaron Baron – lydteknikar Howie Albert – lydteknikar Larry Dahlstrom – lydteknikar Ron Albert – lydteknikar W. David Powell – kunstverk J. F. Holmes – kunstverk

Salslister

Vekeslister Liste (1972) Plassering Canada 100 Albums (RPM)12 US Top 200 Pop Albums4

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eat a Peach» frå , den 9. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Tom Dowd Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Capricorn Records-album Kategori:The Allman Brothers Band-album Kategori:Konsertalbum frå Fillmore East Kategori:Plateomslag av James Flournoy Holmes