mini|Irsk stuing med gulrot. Irsk stuing (engelsk Irish stew, irsk eller ) er ein gryterett eller ei stuing med opphav frå Irland. Retten kan ha ei rekkje ulike kjøt- og grønsaksingrediensar. Det er særleg vanleg å bruka lam eller sauekjøt og potet, lauk og persille i retten. Stuinga blir småkokt i nokre timar.

Ein rekner med at retten går mange hundreår tilbake, men han blei kjend utanfor Irland på 1800-talet. Kokebokforfattaren Mrs Beeton har ei oppskrift som nytter sauekjøt, potet, perlebygg og lauk. Oxford Companion to Food hevder at puristar berre vil ha dei tradisjonelle ingrediensane nakkestykka, potet, lauk og vatn i retten. Andre moglege ingrediensar er gulrot, nepe og perlebygg.Davidson, Alan. (2006). Oxford Companion to Food. Oxford: Oxford University Press. (s. 409).

Irsk stuing var utbreidd i heile Storbritannia som middagsrett og som institusjonsmat. Eit dårleg rykte skapt av dårlege ingrediensar og tillaging og mindre bruk av fårekjøt førte til ein tilbakegang for retten i andre halvdel av 1900-talet.

I kulturen Irsk stuing blir nemnd av Lord Byron i diktet The Devil's Drive frå 1814:Devil's Drive på Wikisource]]

The Devil returned to Hell by two, And he stayed at home till five; When he dined on some homicides done in ragoût, And a rebel or so in an Irish stew

«Irish stew» eller berre «Irish» er cockney-rimslang for 'sant' fordi «stew» rimer på «true».

Sjå òg Cawl Coddle Fårikål Lapskaus Scouse/lobscouse

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Irish stew» frå , den 16. august 2018. oppgav desse kjeldene:  

Davidson, Alan & Jaine, Tom (2006) Oxford Companion to Food. Oxford: Oxford University Press.

Bakgrunnsstoff Oppksrift ved aperitif.no Oppskrift ved kulinarisk.no Oppskrift på Cork Irish stew ved nrk.no

Kategori:Gryteretter Kategori:Kjøtretter Kategori:Irsk mat Kategori:Nasjonalretter