Jelena Nikolajevna Nikolajeva () er ein russisk friidrettsutøvar frå Akshiki i Tsjuvasjia som i 1996 vart olympisk meister i 10 km kappgang og i 2003 verdsmeister i 20 km.

Aktiv Nikolajeva gjekk inn til femteplass i meisterskapsdebuten ved VM 1987. Fem år seinare fekk ho sølvmedaljen i kappgang under dei olympiske sommarleikane i Barcelona, slått med eitt sekund av Chen Yueling frå Kina. Både ved europameisterskapen 1994 og verdsmeisterskapen 1995 kom Nikolajeva i mål til ein bronsemedalje, høvesvis sju og seks sekundar bak vinnarane i tevlingane.

Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 vann Nikolajeva gullmedaljen med god margin til dei andre medaljevinnarane. Der etter gjekk seks år før ho på ny blanda seg i medaljekampen i dei store meisterskapane. Ved EM 2002 i München fekk ho sølvmedaljen, 13 sekundar føre italienske Erica Alfredi, men langt bak si eiga landskvinne Olimpiada Ivanova. Året etter kleiv Nikolajeva under VM i Paris heilt til topps på sigerspallen etter kappgangøvinga, som frå 1999 gjekk over 20 kilometer, mot tidlegare 10 km for kvinner.

Omframt dei internasjonale meisterskapsmedaljane utandørs, vann Nikolajeva gull i innandørs-VM 1993 på 3 km og ho sigra i tevlingane om europapokalen 2003 og verdspokalen 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Nr 5 på 10 km – 44.54 OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje på 10 km – 44.33, bakom Chen Yeling (44.32) VM 1993 i Stuttgart: Nr 7 på 10 km – 43.47 EM 1994 i Helsinki: Bronsemedalje på 10 km – 42.43 VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje på 10 km – 42.20 OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje på 10 km – 41.49, framom Elisabetta Perrone (42.12) VM 1997 i Aten: Nr 9 på 10 km – 45.01 VM 1999 i Sevilla: Nr 12 på 20 km – 1.34.10 VM 2001 i Edmonton: Diskvalifisert på 20 km EM 2002 i München: Sølvmedalje på 20 km – 1.28.20, bakom Olimpiada Ivanova (1.26.42) VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 20 km – 1.26.52, framom Gillian O'Sullivan (1.27.34) OL 2004 i Aten: Nr 17 på 20 km – 1.32.16

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yelena Nikolayeva (racewalker)» frå , den 12. august 2018.

World Athletics

Kategori:Russiske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Russland Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004