Harstad, på nordsamisk Hárstták,Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018. er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.

mini|Hurtigruteskipet MS «Kong Harald» til kai i Harstad.

Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.

Forsvaret Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:

Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003. Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø. Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken) Forsvarets Lønnsadministrasjon Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen

Bygder Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.

(For bydelar, sjå Harstad.)

Folketalsutvikling Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.

Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930: 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 11 441a 13 202a 14 039a 17 192 19 986 21 613 22 369 23 038 23 257 a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.

Kjende harstadværingar mini|upright|Kine Hellebust, songar og skodespelar

Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel» Leif Bothner (1905–1986), Milorg-leiar Ørnulv Vorren (1916–2007), etnograf Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar Knut Andersen (f. 1931), filmregissør Leif Arne Heløe (f. 1932), politikar, sosialminister Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre», 1939–1923), popsongar Reidar Thomassen («Richard Macker», f. 1939), forfattar Tove Veierød (f. 1940), politikar, sosialminister Karl Erik Harr (f. 1940), biletkunstnar Unni Wikan (f. 1944), professor i sosialantropologi Unni Anisdahl (f. 1947), sportsreporter i NRK (radio) K.M. Myrland (f. 1948), visesongar Kine Hellebust (f. 1954), songar, skodespelar Kristin Clemet (f. 1957), politikar Randi Hansen (f. 1958), popsongar Kjetil Rolness (f. 1961), artist og forfattar, kjend som «Jens Pikenes» Elisabeth Aspaker (f. 1962), politikar, EØS- og EU-ministar, fiskeriminister Iren Reppen (f. 1965), artist, forfattar Lars A. Sandness (f. 1973), hip-hop-artist i Tungtvann, kjend som «Poppa-Lars» Runar Normann (f. 1978), fotballspelar Jon Lech Johansen (f. 1983), kjend som «DVD-Jon» Sophie Elise (f. 1994), skribent og bloggar

Verdt å sjå mini|Trondenes kyrkje Trondenes kyrkje frå ca. 1250 Harstad kyrkje frå 1958 Harstad kulturhus Trondarnes Distriktsmuseum Trondenes Historiske Senter Altevågen Røkenes Gård Sandtorgholmen Adolfkanonen

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1904