Strømm er ein tidlegare sjølvstendig kommune som har høyrt til både Buskerud og Vestfold fylke. Strømm vart skipa som Strømm formannskapsdistrikt i 1837, men alt i 1838 slegen saman med Svelvik, og under namnet Svelvik formannskapsdistrikt vart området overført frå Buskerud amt til dåverande Jarlsberg og Larvik amt (Vestfold).

I 1845 vart Strømm og Svelvik delte i to sjølvstendige kommunar: Strømm (Strømmen) med 794 og Svelvik med 1 201 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Strømm og Svelvik på nytt slegne saman til ein kommune med namnet Svelvik. Strømm hadde ved samanslåinga 2 618 innbyggjarar.

Jacob Modalsli var frå Strømm.

Kjelder

Kategori:Tidlegare kommunar i Vestfold Kategori:Tidlegare kommunar i Buskerud Kategori:Svelvik kommune