Emanuel Meyer Mohn () var ein norsk friluftsentusiast og skribent frå Bergen. Han vart kjend for sine artiklar om fjellvandring og hadde stor innverknad for framveksten av fjellturismen i Noreg. Henrik Mohn og Jacob Mohn var brørne hans.
Liv og gjerning Emanuel Mohn var av kjøpmannsætt og dotterson til biskop Jacob Neumann. Sjølv reiste han i 1864 til Kristiania der han studerte filologi. I hovudstaden knytte han nær kontakt med Ernst Sars og vart gjennom han godt kjent med Aasmund Olavsson Vinje. Mohn vart nært knytt til den veksande venstrerørsla.
Turrøynsle Sommaren 1868 gjekk Mohn og ein studiekamerat tur frå Skjolden opp Fortundalen og Bergsdalen inn i Jotunheimen. Fjellnaturen gjorde sterkt inntrykk på Mohn, som over ein tiårsperiode nesten årvisst vende tilbake dit. Sommaren 1872 gjekk han opp Langskavlen og Skogadalsnåsi, gjennom Svartdalen og Gravdalen. Skildringa av turen kom same året på trykk i Den Norske Turistforening si årbok. I ein engasjert, overstrøymande stil formidla Mohn sine inntrykk, med flittig bruk av samanliknande bilete og allusjonar til gresk og norrøn mytologi.
mini|venstre|Jervvasstinden Mohn sine artiklar i Turistforeninga sine årbøker vekte oppsikt og gjorde at han fekk ry som Noregs fremste fjellsportsmann og jotunolog. Sjølv fekk han i 1874 augo opp for fjellklatring og kleiv Nordre Dyrhaugstind, Glittertinden og Nautgardstinden. På dampbåten tilbake til Bergen trefte han William Cecil Slingsby, ein rik britisk fjellklatrar. Den 8. juli 1876 møttest dei to i Kristiania, for der å reise nord til Jotunheimen. Ved Bygdin og Raufjords hotel hadde dei hyra Knut Lykken som fjellførar.
Dei tre la ut på ei unik ferd i norsk fjellsport, over fem dagar kleiv dei som dei aller fyrste til topps på både Torfinnstinden, Galdeberget, Urdanostinden, Nordre Urdanostind (Slingsbytind) og Jervvasstinden. Høgdepunktet kom då Slingsby den 21. juli klatra til topps på Store Skagastølstind, ein tur der Mohn stoppa saman med Knut Lykken i det som fekk namnet Mohns skar.
Turen heldt fram for Mohn og Slingsby ned til Sognefjorden, då Knut avslutta oppdraget for dei to dagen etter.
Frå Sognefjorden var dei fire dagar seinare igjen å finne i fjella på veg mot Røysheim i Bøverdalen. Etter ny runde ut derfrå opp i Jotunheimen snur det vestover.
Dei tok seg over til Oppstryn, gjekk Flofjellet og kom til Fivelstadhaugen på kanten til Norangsdalen. Ekspedisjonen derfrå gjekk over Skylstadbrekka, Brunstaddalen, Stranda og Sykkylven. Båt til Ålesund og Ørsta blei veksla til gåtur inn Follestaddalen til Store-Standal. 11. august gjorde Slingsby forsøk på Kolåstinden. Dette vart truleg avbrote før han fann rett topp. Dagen etter gjekk ferda i båt til Sæbø og Bjørke og med hest til Kalvatn. Derfrå gjekk dei over Kvivsdalen til Grodås. Siste etappe gjekk i robåt over Hornindalsvatnet før dei gjekk i ein time ut til Nordfjordeid og tok dampskipet ned til Bergen.
Lærar I 1869 var Mohn ferdig utdanna cand.mag. Han var så lærar fleire stader, fyrst i Bergen, deretter i Stavanger og så ved Gjertsens skole i Kristiania. I ei lengre periode var han i Ålesund. Der var han blant anna med på å få i gang det aller fyrste barnetoget på 17.mai i byen.
Hausten 1889 søkte han avskjed frå Bergen katedralskole, grunna sjukdom. Etter vedtak i Stortinget fekk han då vartpengar, på grunn av hans «fortjenester av turistvesenet».
Mohns siste leveår var prega av depresjon og ei stendig svakare helse. Truleg utført han sjølvmord ved drukning i 1891 på ein båttur frå Bergen til Utne i Ullensvang.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emanuel Mohn» frå , den 26. juli 2018.
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Norske fjellklatrarar Kategori:Folk frå Bergen