Nick E. Hysong () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Winslow i delstaten Arizona som i 2000 vart olympisk meister i stavhopp og året etter tok VM-bronse i same øvinga.

Aktiv Hysong var nordamerikansk studentmeister 1994 i stavhopp. I sin internasjonale meisterskapsdebut i Sevilla-VM 1999 kom han på delt fjerdeplass. Året etter overraska han med å vinne stavtevlinga ved dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney med ny personleg rekord, 5,90 meter. Han sikra seg gullmedaljen ved å klare høgda i fyrste forsøk, medan nummer to, tre og fire i tevlinga, som alle tre også gjekk over 5,90 m, måtte ha både to og tre forsøk før dei smaug seg over lista/lekta.

Året etter tok Hysong bronsen under verdsmeisterskapen i kanadiske Edmonton. Han tok seg over 5,85 m, same høgda klarte fire av konkurrentane. Einast ein av dei svinga seg over større høgder, Dmitri Markov som representerte Australia, vart verdsmeister med imponerande 6,05 meter. Hysong deltok også i Helsinki-VM i 2005, der han kom på ein tredelt femteplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 5,70 m OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 5,90 m, framom Lawrence Johnson (5,90 m) VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 5,85 m VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 5,50 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nick Hysong» frå , den 17. juli 2018.

World Athletics

Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000