Paralytisk skjelforgifting (PSP) er ei form for skjelforgifting som gjer at ein kan få ei brennanende kjensle rundt munnen, tunga og i fingrane, kjenna seg svimmel og i nokre høve oppleva muskellamming og problem med å pusta. Ho kjem av at ein et skjel med visse toksin frå algar i seg.

Årsak Skjelartar som blåskjel tek til seg næring ved å filtrera vatn for planktonalgar. Nokre av desse algane kan innehalda toksin, og desse kan byggja seg opp i skjela. Slike toksin kan også samla seg i andre skaldyr som hummer, krabbe og snigel.

Symptom og føljger Skjelforgifting kan medføra diaré, kvalme, oppkast, magesmerter, svimmelheit, forvirring og nerveskadar. I nokre tilfelle hender muskellaming og pustevanskar som kan vera livstruande.

Symptoma kan koma allereie 30 minutt etter at ein har ete giftige muslingar. Første indikator brukar å vere oppkast, kramper og diarré. Stikkingar i halsen, tunga og på leppene kan også finna stad. Deretter følgjer gjerne koordineringsvanskar for kroppen, veike musklar og andevanskar. Oftast treng ein ikkje behandla sjukdomen, for symptoma forsvinn etter 1-4 dagar, men veike musklar kan ein venta seg i fleire veker. Ved høge doser saxitoksin vil det i regelen føre til senkt blodtrykk, hjartekrampe (angina pectoris) og til slutt hjertestans.

Ved 1-10 % av tilfella kan paralytisk skaldyrforgifting føre til dødsfall, og sjansen for dette er størst hjå eldre menneske og dei med nedsett immunforsvar.

Historie Ein har kjend til skaldyrforgifing lenge, men fann først samanhengen med algar på 1920-talet.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Skjellforgiftning» frå , den 13. juli 2018.

Kategori:Sjømat Kategori:Sjukdommar Kategori:Toksikologi