Halvor Rolvsson Olstad () var ein norsk gardbrukar frå Gjøvdal i Aust-Agder. Han representerte fylket og Bondepartiet på Stortinget i åra 1928-33 og var ordførar i Gjøvdal i til saman 25 år.
Olstad var son til ein gardbrukar i dåverande Åmli herad. Vinteren 1889/90 gjekk han amtsskulen i Austre Moland og fleire år seinare, 1897/98, tok han seg ein folkehøgskulevinter på Elverum. Allereie i 1894 tok han over slektsgarden i Gjøvdal og dreiv denne i lang tid, samstundes som han var revisor i Åmli Sparebank til 1943, ein bank han var med å stifte i 1897.
Olstad var ein engasjert aktør i samfunns- og kulturlivet i heimbygda. Han var mellom skiparane av Åmli Forbruksforening i 1899 og mange år seinare, idrettslaget Dristug, samstundes fekk han i stand badstove for bygdefolket. Olstad var også målmann, fråhaldsmann og aktiv i ungdomslaget. Ofte deltok han på ulike tilskipingar med foredrag, kåseri, prologar og dikt. Dikta hans er i tradisjonell form, med tema som heim og fedreland, natur og folkeliv, kultur- og kristenarv.
Då Gjøvdal vart eigen kommune i 1909, vart Olstad vald til ordførar i heradet. Ordførar var han i tre bolkar, fyrst til 1916, så perioden 1922-25 og til sist frå 1931 til 1945. Stortingsperiodane 1928-31 og 1932-34 var han tingmann for Bondepartiet, den fyrste treårsperioden medlem i Kyrkje- og skulekomiteen, den andre i Universitets- og fagskulekomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi kubenarendal
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Folk frå Åmli Kategori:Ordførarar i Gjøvdal Kategori:Målfolk