Albert Aleksejevitsj Sjesternjov () var ein russisk fotballspelar frå Moskva som spelte på CSKA Moskva og Sovjetunionen. Han vert gjerne rekna som den aller beste forsvarsspelaren i den sovjetiske fotballsoga. Sjesternjov spelte 90 landskampar for Sovjetunionen, mellom dei finalen i europameisterskapen 1964. I 1970 vart han kåra til årets spelar i sovjetisk fotball.

Karriere Klubbspel Sjesternjov spelte på CSKA Moskva frå 1959 til han la opp i 1972. Han var kaptein på laget frå han var 21 år gammal. I 1970 var han sentral då CSKA vann den sovjetiske seriemeisterskapen for fyrste gong på 20 år. CSKA Moskva og Dynamo Moskva endå då à poeng og måtte avgjere meisterskapen gjennom omkamp, då den fyrste enda 0-0 måtte ein ut ein til, den andre enda med 4-3 til CSKA etter ekstraomgangar.

Landslagsspel Sjesternjov landslagsdebuterte i oktober 1961, men måtte vente i to år før han fekk landskamp nummer to. Under fotball-EM 1964 var han med å slå Danmark 3-0 i semifinalen og deretter tape 0-2 mot Spania i finalen. Frå april 1966 var han kaptein på det sovjetiske landslaget til han la opp, i alt var han kaptein i 67 landskampar. Han deltok i Fotball-VM 1966, der Sovjetunionen tapte semifinalen mot Vest-Tyskland 1-2. To år seinare enda EM-semifinalen mot vertslandet Italia 0-0 etter ekstraomgangar, før Sovjetunionen tapte finaleplassen ved myntkast. I VM 1970 rauk Sovjetunionen ut or turneringa etter kvartfinaletap 0-1 mot Uruguay. Den 27. oktober 1971 spelte Sjesternjov sin 90. og siste landskamp, ein EM-kvalifiseringskamp mellom Spania og Sovjetunionen i Sevilla som endå mållaus, nett liksom Sjesternjov i heile hans landslagstid.

Merittar EM-sølv: 1964 for Sovjetunionen VM-firar: 1966 for Sovjetunionen EM-firar: 1968 for Sovjetunionen Sovjetisk seriemeister: 1970 med CSKA Moskva

Sjestjernjov var alkoholikar og døydde av skrumplever.

Kjelder eu-football Denne artikkelen bygger på «Albert Alexejewitsch Schesternjow» frå , den 2. juli 2018.

Kategori:Sovjetiske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Russiske fotballspelarar Kategori:CSKA Moskva-spelarar