Margido er eit norsk mannsnamn, nylaga i første halvdelen av 1800-talet ved movering av kvinnenamnet Margit, som er ei form av namnet Margrete. Namnet har særleg vore brukt i Trøndelag.

Bruken av namnet i Noreg Namnet kom i bruk i Noreg i første halvdel av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1865 er det 7 personar med namnet Margido, alle i Trøndelag, og 6 av dei fødde i Trondheim by. Den første personen vi har funne med Margido som eitt av fleire fornamn, var fødd i Hitra i 1837Johan Margido Borthen f. 24.11.1837 på «Froøerne», Hitra, konfirmert 1852. Den første vi har funne med Margido som einaste fornamn, var fødd i 1844 og døypt i Bakke kyrkje nyårsdagen 1845.Margido Krogh, Ministerialprotokoll, Bakklandet (Bakke) 1.1.1845

I folketeljinga frå 1900 var 18 personar listeførte med namnet «Margido». I 2018 hadde 21 menn «Margido» til første fornamn.

Kjende namneberarar Jakob Margido Esp (1943–2023), norsk skodespelar

Bruk i kulturen

Hovudperson i revyvisa Aleksander og Margido frå studentrevyen «Cassa Rossa» under UKA 1929 i Trondheim. Ein av brørne i Anne B. Ragde sin bokserie Berlinerpoplene heiter Margido og eig eit lite gravferdsbyrå i Trondheim.

Kjelder

Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 2-521-3604-4

Bakgrunnsstoff

Folketeljingar ved Registreringssentralen for historiske data, Universitetet i Tromsø

Kategori:Mannsnamn Kategori:Norske førenamn