Obdulio Jacinto Muiños Varela () var ein uruguayansk fotballspelar frå Montevideo. Han var ein av dei aller beste klassiske senterhalfane i verda, framifrå i forsvar og seig i kamp, kaptein på Uruguay sitt landslag som vann verdsmeisterskapen 1950 i Brasil. Grunna si mørke hud og evne til leiarskap gjekk Varela under tilnamnet «El Negro Jefe», den svarte sjefen.
Klubbspel Varela byrja spele i fyrste divisjon i Uruguay då han i 1938 melde overgang til Montevideo Wanderers. Fem år seinare gjekk han over til CA Peñarol, ein klubb han spelte på til han la opp i 1955. Med Peñarol vann han seks seriemeisterskap.
Landslagsspel mini|venstre|Uruguay sitt vinnarlag under Fotball-VM 1950 med Varela ståande lengst til venstre Varela fekk sin landslagsdebut i 1939 borte mot Peru i Lima. Tre år seinare var han med då Uruguay gjekk til topps i Copa America etter å ha vunne alle seks kampane mot dei seks andre deltakarlanda. Fram til og med verdsmeisterskapen i Sveits i 1954 spelte han 45 landskampar for Uruguay og skåra ni mål. Han vert særleg hugsa for den avgjerande kampen under VM i fotball 1950 mot vertslandet Brasil, ein kamp Uruguay måtte vinne om laget skulle ta VM-pokalen, for Brasil var det nok med eit uavgjort-resultat. Før kampen sa Varela til lagkameratane at dei måtte sjå på tribunane som tre, dei måtte einast bry seg om dei 11 spelarane til motstandarlaget. Etter Brasil tok leiinga 1-0 tidleg i den andre omgangen drygde han ut tida, slik at jubelen hadde lagt seg då dommaren fekk sett i gang kampen att. Uruguay byrja angripe og etter Juan Alberto Schiaffino utlikna vart brasilianarane nervøse. Ni minuttar før slutt skåra Alcides Ghiggia for Uruguay som dermed vann Jues Rimet-pokalen. Varela vart skadd under VM 1954 og var ikkje med då Uruguay tapte semifinalen mot Ungarn med 2-4 etter ekstraomgangar.
Merittar Verdsmeister: 1950 for Uruguay Vinnar av Copa América: 1942 for Uruguay Uruguayansk seriemeister: 1944, 1945, 1949, 1951, 1953 and 1954 med Peñarol
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Obdulio Varela» frå , den 27. juni 2018.
Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Penarol-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1950 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1954