Jesse Ellis Lingard () er ein engelsk fotballspelar, fødd i Warrington, som med Manchester United vann FA-cupen 2016 og europaligaen 2017.

Lingard fekk proffkontrakt med Manchester United i 2011, utan å få speletid dei fyrste åra. Frå november 2012 til mai 2015 var han på utlån hos vekselvis Leicester City, Birmingham City, Brighton og Derby County. I FA-cupfinalen 2016 mot Crystal Palace FC fekk Lingard plassen til Juan Mata på midtbana og svarte med å skåre Manchester United sitt vinnarmål i det 110. speleminuttet. Også då Manchester United vann europaligafinalen 2017 med 2-0 over Ajax i svenske Solna kom Lingard på bana som innbytar.

Lingard har sidan landslagsdebuten i oktober 2016 delteke i 13 landskampar for England, dei siste i Fotball-VM 2018.

Merittar Vinnar av FA-cupen: 2016 med Manchester United Vinnar av eruopaligaen: 2017 med Manchester United

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jesse Lingard» frå , den 24. juni 2018.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Folk frå Warrington