BNLF2a (avstytting av BamHI-N leftward frame 2a) er eit lite membranassosiert protein frå Epstein-Barr-viruset (EBV). Det har ei lengd på 60 aminosyrerestar og vert uttrykt tidleg i lytisk syklus. Det hjelper til med å gøyma viruset frå CD8+-T-seller, og slik immunforsvaret til verten. Proteinet er unikt for lymfokryptovirusa.
BNLF2a vekselverkar med menneskeproteina antigenpeptidtransportør 1 og 2 (TAP1 og TAP2). Desse proteina dannar eit kompleks som kan pumpa peptid i cytoplasma inn i endoplasmatisk retikulum ved hjelp av energien frigjeven ved hydrolyse av ATP. BNLF2a hemjar både peptid- og ATP-bindingsseta til dette komplekset og gjer at det ikkje verkar.
Menneskeproteinet ATPase ASNA1 syrgjer for at BNLF2a vert sett inn i membranen til endoplasmatisk retikulum. C-enden til BNLF2a er hydrofobisk og vert sett inn i membranen, medan den hydrofile N-enden er i cytosol og kan hemja TAP-komplekset.
Ulike aminosyresekvensar i BNLF2a er observerte hjå ville EBV-virus.
Kjelder
Kategori:Epstein-Barr-virus Kategori:Virusprotein