Julija Viktorovna Nesjtsjarenka, fødd Bartsevitsj () er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar frå Brest som vart olympisk meister på 100 meter i 2004.

Aktiv mini|venstre|Julija Nesjtsjarenka i 2017 Nesjtsjarenka hadde lite å vise til før ho kom til dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten. Her imponerte ho frå fyrste stund ved å vinne sine heat i både forsøket, kvartfinalen og semifinalen på tider under 11 sekundar. I semifinalen gjorde ho sitt livs løp og sette kviterussisk rekord med sine 10,92 sekundar. Også i finalen gjekk det unna, med tida 10,93 vann ho gullmedaljen, høvesvis tre og fire hundredels sekund framom Lauryn Williams frå USA og Veronica Campbell frå Jamaica, dei to andre medaljevinnarane.

Under VM 2005 i Helsinki enda Nesjtsjarenka med tida 11,13 på sisteplassen i 100-meterfinalen. Derimot vann ho ein bronsemedalje i 4 × 100 meter stafett, saman med Natallja Solohub, Alena Neumiarzjitskaja og Aksana Drahun. Året etter vann Nesjtsjarenka og Kviterussland nok ein bronsemedalje på stafetten i EM, då med Natallja Safronnikova på den andre etappen i staden for Solohub.

Etter 2006 lukkast ikkje Nesjtsjarenka å kvalifisere seg til finaleløp i dei store meisterskapane og ho la opp i 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2002 i München: Utslått i semifinalane på 100 m (11,44 =nr 9) OL 2004 i Aten: Gullmedaljepå 100 m – 10,93, framom Lauryn Williams (10,96). Nr 5 i 4 x 100 m stafett VM 2005 i Helsinki: Bronse i 4 x 100 m stafett. Nr 8 på 100 m – 11,13 EM 2006 i Göteborg: Bronse i 4 x 100 m stafett. Nr 6 på 100 m – 11,34 OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 100 m (11,26 =nr 10) VM 2009 i Berlin: Utslått i 4 x 100 m stafett (44,12 =nr 13) EM 2010 i Barcelona: Utslått i forsøka på 100 m (11,58 =nr 18). Nr 5 i stafett EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 100 m (=nr 16)

Kjelder

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Belarusiske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Belarus Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008