Straight Up er det tredje albumet til det britiske rockebandet Badfinger, gjeve ut i desember 1971 i USA og februar 1972 i Storbritannia. Det kom ut på The Beatles sitt Apple Records, og inneheldt hitsingelen «Day After Day» og «Baby Blue», og den populære «Name of the Game». Alle desse var skrivne av songaren og gitaristen Pete Ham. Albumet var ei endring frå den meir rockeprega stilen deira på dei to første albuma. Straight Up fekk middels kritikk då det kom ut, men mange meinte det var det beste albumet deira til då. Rolling Stone-kritikaren David Fricke har kalla det «Badfinger sitt power-pop-høgdepunkt».
Det tok ni månader å få laga Straight Up med produsenten Geoff Emerick innimellom turneane deira. Då Apple valde å legge desse innspelingane på hylla tok George Harrison over produksjonen. Han vart etter kvart for oppteken med The Concert for Bangladesh og kunne ikkje halde fram. Harrison gav så prosjektet vidare til den amerikanske produsenten Todd Rundgren, som dermed vart produsent på det meste av albumet.
Utgjeving I USA nådde albumet 31. plassen på Billboard Top 200 LPs-lista.Castleman og Podrazik, s. 363. Singelen «Day After Day» vart den største hitten deira i USA med ein fjerdeplass på Billboard Hot 100, og selde til gullplate innan 4. mars.Murrells, p. 317.Castleman og Podrazik, s. 332. Sjølv om albumet ikkje klarte å nå topp 40 i Storbritannia, nådde singelen «Day After Day» 10. plassen der.
Den neste singelen, «Baby Blue», nådde 14. plassen på Hot 100, og «Name of the Game» vart ein populær song på amerikansk radio.
Straight Up kom ut på CD i 1993 med bonusspor og vart nymastra i 2010.
Innhald
Medverkande
Badfinger Pete Ham – solo- og korvokal, solo- og rytmegitar, piano, orgel på «Take It All», munnspel på «Perfection» Tom Evans – solo- og korvokal, bassgitar, 12-strengsgitar på «Sweet Tuesday Morning» og «Perfection» Joey Molland – solo- og korvokal, rytme- og sologitar Mike Gibbins – trommer, perkusjon
Andre medverkande George Harrison – slidegitar på «Day After Day», gitar på «I'd Die Babe» Leon Russell – piano på «Day After Day», gitar på «Suitcase» Bobby Diebold – bassgitar på «Suitcase» Klaus Voormann – elektrisk piano på «Suitcase» Bill Collins – trekkspel på «Sweet Tuesday Morning»
Teknisk Todd Rundgren – produsent (spor 1–4, 8, 10–12) George Harrison – produsent (spor 5–7, 9) Gene Mahon – design Richard DiLello – design, fotografi Peter Mew – lydteknikar Mike Jarratt – lydteknikar Marcia McGovern – pre-produksjon Roberta Ballard – produksjonsmanager
Salslister
Vekeslister Liste (1972) PlasseringAustralske Go-Set Top 20 Albums16Kanadiske RPM 100 Albums13US Billboard Top LPs & Tape31
Årslister Liste (1972) PlasseringUS Billboard Pop Albums59
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Straight Up (Badfinger album)» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Badfinger-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Todd Rundgren Kategori:Musikkalbum produserte av George Harrison Kategori:Apple Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios