Olga Mikhajlovna Tsjernjavskaja, fødd Davidova, gift og skild Burova, () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Irbit som vart verdsmeister i diskoskasting i 1993 og tok EM-sølv i 1990 og VM-bronse i 1995 i same øvinga. Ho tevla fyrst for Sovjetunionen, frå 1993 for Russland.
Aktiv Som Olga Burova fekk ho i 1990 sin internasjonale meisterskapsdebut i EM i Split. Med eit bestekast på 66,72 m kneip ho sølvmedaljen seks centimeter framom austtyske Martina Hellmann, ei anna austtysk kvinne, Ilke Wyludda, vart europameister. Den 29. mai 1992 sette Burova i Sotsji sin endelege personlege rekord då diskosen landa på 68,38 m. Under dei olympiske leikane i Barcelona nøgde ho seg med 64,02 m og femteplass.
Som Olga Tsjernjavskaja vann ho ein klar siger i diskostevlinga då verdsmeisterskapen 1993 fann stad i Stuttgart, med 67,40 m slo ho sølv- og bronsemedaljørane med over to meter. Under den neste verdsmeisterskapen, i Göteborg i 1995, nådde ho 66,86 m, noko som gav henne bronsen, bulgarske Ellina Zvereva tok gull og Ilke Wyludda sølv.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 66,72 m, bakom Ilke Wyludda (68,46 m) OL 1992 i Barcelona: Nr 5 – 64,02 m VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 67,40 m, framom Daniela Costian (65,36 m) EM 1994 i Helsinki: Nr 5 – 62,54 m VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje – 66,86 m OL 1996 i Atlanta: Nr 6 – 64,70 m OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (58,64 m, nr 21)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olga Chernyavskaya» frå , den 10. juni 2018. World Athletics
Kategori:Sovjetiske diskoskastarar Kategori:Russiske diskoskastarar Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Sverdlovsk oblast