mini|Plakat for Orphée aux enfers av Jacques Offenbach.
Operette (frå italiensk operetta, 'liten opera' eller 'lite verk') er eit musikalsk lystspel med song, tale og ofte også dans. På forma minnar operettar om opera, men dei er musikalsk og tematisk lettare og meir tilgjengelege for publikum. Hovudmotivet i ein operette er ikkje sjeldan ei sentimental kjærleikssoge, gjerne med komisk og parodisk tilsnitt.
Operette som eigen musikkteater-sjanger oppstod i Paris på 1850-talet. Få år seinare blei det oppført tyskspråklege operetter i Wien. Operettane blei ein populær sjanger, der særleg wieneroperetten med ei rekke kjende songar slo an. Operettesjangeren kan reknast som ein forløpar til moderne musikalar og musikkspel.
mini|venstre|Publikum ved Théâtre des Bouffes-Parisiens, årestaden til Jacques Offenbach sine operettar (1860)
mini|Plakat til Gilbert and Sullivan-operetten H. M. S. Pinafore. mini|Teaterplakat for Johann Strauss den yngre-operetten Der Zigeunerbaron frå 1885 som blei sett opp som La tzigane, «ein komisk opera i tre akter», i Paris i 1895. mini|Frå ei framføring av Giuditta av Franz Lehár under den tradisjonsrike austerrikske operettefestivalen Seefestspielen Mörbisch i 2006. mini|Operettenhaus i Hamburg i Tyskland er i dag eit moderne musikalteater. Plakaten reklamerer for ABBA-musikalen Mamma mia! i 2005.
Kjende operettar og komponistar Av operettesuksessar kan nemnast Flaggermusen (Die Fledermaus) av Johann Strauss d.y. frå 1874 med tekst av Carl Haffner og Richard Genée, Den glade enke (Die lustige Witwe) av Franz Lehár frå 1905 til tekst av Victor Léon og Leo Stein, og Candide av Leonard Bernstein frå 1956 med songtekstar av John Latouche, Dorothy Parker og Richard Wilbur (over ein libretto av Lillian Hellman).
Lista under viser kjende komponister og nokre av operettane deira. Personane er ordna kronologisk etter fødselsår.
Jacques Offenbach (1819–1880), Frankrike: 1858: Orfevs i underverdenen 1864: Den skjønne Helene 1866: Pariserliv 1866: Ridder Blåskjegg 1867: Storhertuginnen av Gérolstein 1869: Frihetsbrødrene 1880: Operaen Hoffmanns eventyr
Franz von Suppé (1819–1895), Austerrike: 1865: Die schöne Galathee 1866: Leichte Kavallerie 1876: Fatinitza 1879: Boccaccio
Johann Strauss d.y. (1825–1899), Austerrike: 1874: Flaggermusen (Die Fledermaus) 1883: Eine Nacht in Venedig 1885: Sigøynerbaronen (Der Zigeunerbaron)
Hervé (1825–1892), Frankrike: 1869. Le petit Faust 1883: Mam'zelle Nitouche
Karl Millöcker (1842–1899), Austerrike: 1881: Die Jungfrau von Belleville 1882: Tiggerstudenten (Der Bettelstudent) 1884: Gasparone
Gilbert & Sullivan (Arthur Sullivan (1842–1900), Storbritannia, med librettisten W. S. Gilbert (1836–1911): 1875: Trial by Jury 1878: H. M. S. Pinafore 1879: The Pirates of Penzance 1882: Iolanthe 1882: The Mikado 1889: The Gondoliers
Carl Zeller (1842–1898), Austerrike: 1876: Joconde 1878 Die Fornarina 1880 Capitän Nicoll, oder Die Carbonari 1886 Der Vagabund 1891 Der Vogelhändler 1894 Der Obersteiger
Paul Lincke (1866–1946), Tyskland: 1899: Frau Luna 1911: Grigri 1940: Ein Liebestraum
Franz Lehár (1870–1948), Austerrike: 1905: Den glade enke (Die lustige Witwe) 1909: Greven av Luxemburg (Der Graf von Luxemburg) 1910: Sigøynerblod (Zigeunerliebe) 1925: Paganini 1927: Der Zarewitsch 1928: Friederike 1929: Smilets land (Das Land des Lächelns)
Oscar Straus (1870–1954), Austerrike: 1907: Ein Walzertraum 1908. Der tapfere Soldat 1920: Der letzte Walzer
Leo Fall (1873–1925), Austerrike: 1907: Dollarprinsessen (Die Dollarprinzessin) 1915: Keiserinnen (Die Kaiserin) 1916: Die Rose von Stambul 1923: Madame Pompadour
Rudolf Friml (1879–1972) tsjekkisk-amerikansk: 1912: The Firefly 1924: Rose Marie
Emmerich Kálmán (1882–1953), Ungarn: 1908: Høstmanøver (Tatárjáras) 1915: Czardasfyrstinnen (Die Csárdásfürstin)' 1921: Bajaderen (Die Bajadere) 1924: Grevinne Maritza (Gräfin Maritza) 1926: Sirkusprinsessen (Die Zirkusprinzessin) 1930: Fiolen fra Montmartre (Das Veilchen von Montmartre)
Ralph Benatzky (1884–1957), Austerrike: 1930: Sommer i Tyrol (Im weissen Rössl) 1930: Min søster og jeg (Meine Schwester und ich) 1936: Axel i den syvende himmel (Axel an der Himmelstür)
Jerome Kern (1885–1945), USA: 1928: Teaterbåten (Show Boat), regnes av mange som den første moderne musikal
Sigmund Romberg (1887–1951), ungarsk-amerikansk: 1924: Studentprinsen 1926: Ørkensangen 1928: Nymånen
Paul Abraham (1892–1960), Ungarn: 1930: Viktoria und ihr Husar 1931: Die Blume von Hawai 1932: Ball im Savoy
Nico Dostal (1895–1981), Austerrike: 1933: Clivia 1939: Die ungarische Hochzeit
Fred Raymond (1900–1954), Austerrike: 1937: Maske in Blau 1938: Saison in Salzburg 1941: Die Perle von Tokay
Ludwig Schmidseder (1904–1971), Tyskland: 1938: Melodie der Nacht 1940: Frauen im Metropol 1949: Abschiedswalzer
Igo Hofstetter (1926–2002), Austerrike: 1964: Roulette der Herzen 1968: Alles spricht von Charpillon 1976: Schach dem Boss
Sjå òg Kabaret Lystspel Musikal Musikkteater Opera Revy Syngespel Vaudeville
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Operette» frå , den 7. juni 2018. oppgav desse kjeldene: Christian Glanz: «Operette» i Oesterreichisches Musiklexikon. Onlineutgaven, Wien 2002 ff., ISBN 3-7001-3077-5. Lest 4. januar 2017.
Kategori:Musikksjangrar Kategori:Musikkteater