Oppdrag Sognefjorden er ein norsk dokumentarserie som gjekk på NRK. Serien følgjer tolv ekstremsportutøvarar som bur saman på båten «Fjordvision» og reiser innover Sognefjorden, der dei jaktar på gunstige stader for frikøyring og ulike vågestykke.

Oppdrag Sognefjorden har sju episodar og vart send første gong mellom 6. mars 2011 og 24. april 2011. Serien var tilgjengeleg på NRK Nett-TV fram til juni 2015.

Referansar

Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK Kategori:Norske dokumentarseriar