Blondes Have More Fun er det niande albumet til Rod Stewart, gjeve ut i november 1978. Dette var Stewart sitt første steg inn i disco, som var den populære musikkstilen på denne tida. Sjølv om albumet selde godt, fekk det heller lunken kritikk. Den første singelen, «Da Ya Think I'm Sexy», vart ein av dei største hittane til Stewart og gjekk til topps i både Storbritannia og USA. Albumet har selt meir enn 14 millionar eksemplar verda over.

Oversyn Etter å ha skapt ein suksessrik karriere gjennom 1970-åra som rockesongar, følgde Stewart her discotrenden, som var på sitt mest populære i 1978, på somme av songane på albumet. Den første singelen var «Da Ya Think I'm Sexy», som gjekk til topps i Storbritannia, USA, Australia og fleire andre land. Mange kritikarar slakta discosongane på albumet, men dei vart likevel ein av dei største hittane hans. Stewart har sidan forsvart songen og sagt at både Paul McCartney og The Rolling Stones òg dreiv med disco på denne tida.Stewart, Rod. Rod: The Autobiography (2012): 225-226 Den andre singelen frå albumet var «Ain't Love a Bitch», som nådde 11. plassen i Storbritannia og 22. plassen i USA.Official UK Charts – Rod Stewart Den tredje og siste singelen, «Blondes (Have More Fun)», nådde 63. plassen i Storbritannia, den lågaste plasseringa hans der på denne tida, men nådde 23. plassen i Irland.

Sjølve albumet nådde tredjeplassen i Storbritannia og hadde selt til platina innan jul. I USA gjekk det heilt til topps og selde til dobbelt platina. Det gjekk òg inn på topp 10-listene i mange andre land.

Innhald

Medverkande Rod Stewart – solovokal

Rod Stewart Band Gary Grainger – gitar Billy Peek – gitar Jim Cregan – gitar, korvokal Philip Chen – bass, korvokal Carmine Appice – trommer, korvokal

Gjestemusikarar Duane Hitchings – klaverinstrument, synthesizer Roger Bethelmy – trommer Paulinho Da Costa – perkusjon Nicky Hopkins – piano Gary Herbig – fløyte Phil Kenzie – horn Steve Madaio – trompet Tom Scott – tenorsaksofon Fred Tackett – gitar Tommy Vig – perkusjon Mike Finnigan – korvokal Max Gronenthal – korvokal Linda Lewis – vokal Catherine Allison – piano, korvokal Del Newman – strykearrangement

Produksjon Tom Dowd – produsent, miksing Andy Johns – lydteknikar, miksing George Tutko – assisterande lydteknikar

Salslister

Liste (1978/9) Plassering AustriaSwedish Charts – Blondes Have More Fun 10Australia1TysklandOfficial German Charts – Rod Stewart 3Nederland3New Zealand1Noreg2Sverige1UK 3US 1

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blondes Have More Fun» frå , den 4. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Riva Records-album Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Album produserte av Tom Dowd Kategori:Warner Bros. Records-album