Brødrene Dal og spektralsteinene er ein TV-serie frå 1982 og den andre av seriane om Brødrene Dal. Regissørar var Eivind Aaeng og Kalle Fürst.
Serien byrjar med at brørne Dal grev etter ein meteor som inneheld Curium 82, eit stoff som kan kurere krimsjuke. Brørne finn ein skinande, diamantliknande stein. Seinare får Roms Dal besøk av eit romvesen i eit romskip, og mottek ein ring som inneheld teikningar av ein ukjend maskin. Brørne bestemmer seg for å byggje greia, i håp om å finne ut kva den kan gjere. Når Roms er klossete og aktiverer mekanismen ved å bruke steinen dei fann tidlegare, er dei i gang med eit nytt eventyr der dei reiser gjennom tid og rom.
Serien var vist på NRK våren 1982.
Referansar
Bakgrunnsstoff Brødrene Dal og spektralsteinene på NRK Nett-TV
Kategori:Brødrene Dal Kategori:Norske fjernsynsseriar frå 1980-åra Kategori:Norske eventyrseriar Kategori:Norske humorseriar