Splatoon 2 er eit skytespel i tredjeperson utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve internasjonalt til Nintendo Switch den 21. juli 2017 og er ein oppfølgjar til Wii U-spelet Splatoon frå 2015. Spelet sentrerer om karakterar kjent som Inklings, som er antropomorfiske blekksprutar. Dei kan skifte mellom humanoid- og blekksprutform, og gøyme seg i eller symje gjennom farga blekk som er sprøyta på overflater ved hjelp av våpen som pistolar, bøtter eller penslar. Splatoon 2 har dei same spelemodiane som forgjengaren, mellom anna fire mot fire-kampar over internett og ein einspelarkampanje. Det har ein ny modus, Salmon Run, der opp til fire spelarar samarbeider om å samle egg frå lakseliknande monster kjende som «salmonoids».

Splatoon 2 har hovudsakleg fått positive omtalar og har selt over seks millionar kopiar per 31. mars 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2017 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Skytespel i tredjeperson