Aïssa Djabir Saïd-Guerni () er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 800 meter i 2003 og på same distansen vann VM-bronse i 1999 og OL-bronse i 2000.

Aktiv Saïd-Guerni vart tredjemann på 800 m ved afrikameisterskapen 1998 i Dakar. Året etter vann han bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Sevilla og sølvmedaljen i afrikaleikane i Johannesburg. Den 3. september 1999 sprang han i Brussel sin snøggaste 800 meter nokon gong, klokka i måln på 1.43,09. I 2000-sesongen sigra han ved afrikameisterskapen på heimebane i Alger, før han under Sommar-OL i Sydney vann han ein ny bronsemedalje, slått med høvesvis åtte og to hundredels sekund av olympiameister Nils Schumann og sølvvinnar Wilson Kipketer. To år seinare forsvarte Saïd-Guerni afrikameistertittelen på 800 m i Alger.

Høgdepunktet for Saïd-Guerni kom i 800-metertevlinga under friidretts-VM 2003 i Paris. Inn mot målstreken kjempa han og russaren Jurij Borzakovskij og sørafrikanaren Mbulaeni Mulaudzi om gullmedaljen. Her lukkast Saïd-Guerni sikre seg gullet med ein margin på tre og ni hundredels sekund til dei nemnde utøvarane.

Saïd-Guerni nådde 800-meterfinalen både under Sommar-OL 2004 og friidretts-VM 2005, utan å kunne hevde seg i medaljestriden. Han la opp i 2007 etter fleire års skadeplagar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje på 800 m – 1.44,18 OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje på 800 m – 1.45,16 VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 800 m – 1.44,81, framom Jurij Borzakovskij (1.44,84) OL 2004 i Aten: Nr 7 på 800 m – 1.45,61 VM 2005 i Helsinki: Nr 5 på 800 m – 1.45,31

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Djabir Saïd-Guerni» frå , den 27. mai 2018.

World Athletics

Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Algerie Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Algerie Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Algeriske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Algeriske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004