«The Girl Is Mine» er ein song av Michael Jackson og Paul McCartney. Songen vart skriven av Jackson og produsert av Jackson og Quincy Jones. Han vart gjeven ut som den første singelen frå det sjette soloalbumet til Jackson, Thriller (1982). Songen vart spelt inn i Westlake Studios i Los Angeles frå 14. til 16. april 1982. Året før hadde Jackson og McCartney spelt inn «Say Say Say» og «The Man» for McCartney-albumet Pipes of Peace (1983). Sjølv om han vart gjeven ut på singel, song Jackson aldri songen på konsertane sine.

«The Girl Is Mine» vart ein suksess og nådde toppen av R&B-lista i USA. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og åttandeplassen i Storbritannia. Innan 1985 hadde han seld 1,3 millionar eksemplar og fekk etter kvart platinaplate i USA.

Innspeling «The Girl Is Mine» vart skriven ferdig av Jackson medan han såg på teiknefilmar i lag med Paul McCartney.Taraborrelli, s. 223 Produsenten Quincy Jones hadde først bede Jackson om å skrive ein song om to menn som kranglar om ei jente. Jackson var inspirert og vakna ei natt og song songen inn på kassett. Han sa seinare, «Eg song nøyaktig det eg høyrde i hovudet, starta med melodien og klaver og strykarar og alt. Så eg berre song alt inn på lydbandet». Jones bad òg Jackson om å leggje til eit rap-vers. Songen vart så spelt inn av Jackson og McCartney i Westlake Studios i Los Angeles frå 14. til 16. april 1982. Året før hadde duoen spelt inn «Say Say Say» og «The Man» for det femte soloalbumet til McCartney, Pipes of Peace (1983).Halstead, s. 119

Jackson sa at innspelinga av «The Girl Is Mine» var ein av dei kjekkaste stundene han hadde hatt i studio. Han sa «Ein av favorittsongane mine som soloartist er truleg 'The Girl is Mine', fordi det var verkeleg spanande å arbeide med Paul McCartney og me hadde det rett og slett gøy. Det var mykje tull og tøys, og kaste ting rundt og spøkje med kvarandre. Me spelte faktisk inn instrumentspora og vokalen på direkten samstundes, og det vart filma, men har aldri blitt vist. Kanskje me ein gong viser det til dykk». Filmklippa vart seinare viste under The Paul McCartney World Tour.

Mange medlemmar frå Toto deltok på innspelinga med David Paich (piano), Jeff Porcaro (trommer), Steve Lukather (gitar) og Steve Porcaro (synthesizerprogrammering).

Utgjeving Trass i innspelinga av «Say Say Say» og «The Man» året før, var «The Girl Is Mine» den første songen duoen gav ut og den første singelen frå Thriller. «The Girl Is Mine» kom ut på singel 18. oktober 1982. Biletet på singelen vart teke av kona til McCartney, Linda. Lyttarane var ikkje imponerte av «The Girl Is Mine», og tenkte at Thriller kom til å bli skuffande. Fansen følte at produsenten Quincy Jones og Jackson hadde laga ein song for eit kvitt publikum. Trass i uroa vart «The Girl Is Mine» ein suksess på singellistene. Han toppa R&B-lista til Billboard i USA og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 (bak «Maneater» av Hall & Oates og «Down Under» av Men at Work) og på den norske VG-lista. «The Girl Is Mine» gjekk òg til topps på Hot Adult Contemporary Tracks-lista.George, s. 38 Songen nådde åttandeplassen i Storbritannia og Topp 20 i New Zealand. I 1985 hadde singelen selt 1,3 millionar eksemplar. Singelen hadde seinare selt til platinaplate i USA for minst ein million selde eksemplar.

Salslister Liste (1982-1983)Plassering Den nederlandske singellista 16 Irish Singles Chart 4 Den norske VG-lista 2 UK Singles Chart 8 US Billboard Hot 100 2 US R&B Singles Chart 1 US Adult Contemporary Chart 1

Medverkande Rhodes elektrisk piano: Greg Phillinganes Akustisk piano: David Paich Synthesizer: David Foster Synthesizerprogrammering: Steve Porcaro Gitar: Dean Parks og Steve Lukather Bassgitar: Louis Johnson Trommer: Jeff Porcaro Vokal: Paul McCartney og Michael Jackson Vokalarrangement av Michael Jackson og Quincy Jones Rytmearrangement av Quincy Jones og David Paich Synthesizerarrangement av David Foster Strykarar arrangerte og dirigerte av Jerry Hey Konsertmeister: Jerry Vinci

The Girl Is Mine 2008

For Thriller 25, eit album som feira 25-årsjubileet til Thriller miksa Black Eyed Peas-songaren will.i.am «The Girl Is Mine» på ny. Med namnet «The Girl Is Mine 2008» nytta miksen den originale demoversjonen til Jackson, utan McCartney. will.i.am la til sin eigen vokal og eit nytt vers. Då songen kom ut i 2008 nådde han 12. plassen i New Zealand, 22. plassen i Frankrike og gjekk inn på singellistene i Danmark, Sverige og Sveits.

Salslister Liste (2008)PlasseringDen austerrikske singellista 51Den danske singellista 31Den nederlandske singellista 12Den franske singellista 22Den svenske singellista 41Den sveitsiske singellista 47UK Singles Chart 32

Innhald CD-singel «The Girl Is Mine 2008 with will.i.am» – 3:10 «The Girl Is Mine 2008 Club Mix with will.i.am» - 3:25 «The Girl Is Mine» Original Demo Recording - 3:13

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Girl Is Mine» frå , den 22. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

George, Nelson (2004). Michael Jackson: The Ultimate Collection booklet. Sony BMG.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Michael Jackson-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songduettar Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Songar skrivne av Michael Jackson Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Songar produserte av Quincy Jones Kategori:Popballadar Kategori:Songar frå 1982