Manchester Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya. Det grensar til Clarendon Parish i aust, Trelawny i nord og Saint Elizabeth i vest. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.

Administrasjonssenteret i fylket er byen Mandeville, den einaste fylkeshovudstaden som ikkje ligg ved kysten eller ei større elv. Andre større busetnader er Christiana, Porus og Williamsfield.

Fylket er fjellendt, og Mandeville på 626 moh. har historisk vore rekna som ein helsebringande stad å vitja. Til forskjell frå andre jordbruksområde i landet blir det ikkje driven storstilt sukkerproduksjon her, men ein dyker avlingar som banan, potet, ingefær, pimento, kaffi og sitrusfrukter. Manchester er særleg kjend for appelsiner og ortanique, sistnemnde er ei kryssing mellom appelsin og tangerin (mandarin).

Kjende folk frå Manchester

Donovan Bailey, olympisk sprintar Annastasia Baker, jamaikansk-britisk songar og låtskrivar av gospel, R&B og soul Kemoy Campbell, langdistanseløpar Nesta Carter, friidrettsutøvar Alexander Worthy Clerk, moravisk misjonær til Gullkysten, noverande Ghana Ce' Cile, musikar Charmaine Crooks, olympisk friidrettsutøvar Ijahman Levi, reggaemusikar Norman Manley (d. 1969), ein av dei sju jamaikanske nasjonalheltane Winston McAnuff, reggaemusikar Lovel Palmer, fotballspelar Sheryl Lee Ralph, songar og skodespelar Garnett Silk, reggaemusikar Sherone Simpson, friidrettsutøvar Elaine Thompson, friidrettsutøvar Christopher Williams, friidrettsutøvar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parish på Jamaica