Back in the USA er det første studioalbumet (og det andre totalt etter konsertalbumet Kick Out the Jams i 1969) av det amerikanske rockebandet MC5. Det kom ut i 15. januar 1970.
Bakgrunn
Det sentrale fokuset på albumet gjekk bort frå den rå og skarpe stilen frå det første albumet deira, Kick Out the Jams (1969). Dette kom delvis av at produsenten Jon Landau misikte den røffe psykedelisk rock-rørsla og føretrekte ein meir beintfram rock and roll-stil.
Landau, som opphavleg skreiv for magasinet Rolling Stone, var på utkikk etter å bli meir involvert i faktisk musikkproduksjon. Han vart nær ven med sjefen i Atlantic Records, Jerry Wexler, og fekk sjansen til å produsere MC5, som nettopp var blitt droppa frå Elektra Records i 1969.
Songar
Opningssporet er ein versjon av den klassiske hitten «Tutti Frutti» av Little Richard. «Let Me Try» er ein ballade. «The American Ruse» går til åtak til det kvintetten frå Detroit såg som den hyklersk ideen til den amerikanske staten om fridom, og «The Human Being Lawnmower» uttrykkjer motstand mot Vietnamkrigen. Den siste songen på albumet, tittelsporet, er ein versjon av Chuck Berry sin «Back in the U.S.A.»
Utgjeving og mottaking
Sjølv om albumet vart rekna som ein flopp i starten og mangla kommersiell suksess, vart det seinare rekna som eit viktig album som synte kjernen i stilen til MC5.
I ei seinare melding skreiv Jason Ankeny i AllMusic «Sjølv om det manglar den monumentale innverknaden til Kick Out the Jams, er det andre albumet til MC5 i mange sine auge det beste og mest innverknadstunge».
Ettermæle
I 2011 vart albumet rangert på 451. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. NME sette albumet på 490. plass på ei liknande liste.
Innhald
Medverkande MC5 Rob Tyner – vokal Wayne Kramer – gitar, korvokal, vokal på første og tredje refrenget av «Back in the USA», gitarsoloar på «Tutti Frutti», «Teenage Lust» og «Looking at You» Fred «Sonic» Smith – gitar, korvokal, gitarsolo på «The American Ruse», solovokal på «Shakin' Street» og det andre refreenget på «Back in the USA» Michael Davis – bass Dennis Thompson – trommer
Andre medverkande
Danny Jordan – klaverinstrument Pete Kelly – klaverinstrument
Teknisk
Jon Landau – produsent Jim Bruzzese – lydteknikar Stephen Paley – kunstnarisk leiar, fotografi Joan Marker – design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Back in the USA (album)» frå , den 5. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:MC5-album Kategori:Album produserte av Jon Landau Kategori:Atlantic Records-album 446