Anne Catharina Vestly (), meir kjend som Anne-Cath. Vestly, var ein norsk barnebokforfattar og skodespelar, fødd på Rena i Østerdalen.
Liv Anne-Cath. Vestly opplevde ein barndom med mykje flytting, noko som går igjen i mange av bøkene hennar. Ho skildrar seg sjølv som eit sjenert barn som vart modig berre ho fekk opptre. Etter kvart vart draumen hennar å bli skodespelar.
Vestly laga sine eigne små kabaretprogram som ho oppførte i privatheimar under den andre verdskrigen. Ho blei lagd merke til, og kom med i Studioteateret som starta etter krigen.
Etter å også ha underhalde på tivoli, byrja Anne-Cath. Vestly å skriva høyrespel for barn for NRK. I 1952 byrja ho å sjølv lesa tekstane sine i Barnetimen for dei minste. Forteljingane blei til ei rekkje bøker som ho gav ut frå 1950- til 2000-talet.
Anne-Cath. Vestly døydde i Mjøndalen i Nedre Eiker.
Verk Barnetimen Ho fortalde historier om dagleglivet til små barn på ein levande, barnleg måte, som gjorde at både små og store vart gripne av det ho fortalde. Men forteljingane hennar er ikkje berre kos. Dei skildrar samfunnet slik det er, og tek for seg mykje av det barn strir med i kvardagen, som syskensjalusi, det å mista ein forelder, eller å vera redd for at det skal bli krig.
Nokre av emna vekte reaksjonar. Då Ole Aleksander fekk ei lillesøster og foreldra forklarte at ho kom frå magen til mora, var det mange som vart sinte for at ho lærte ungane slik «styggedom». Det var òg mange som ikkje likte at ho skildra ein heimeverande far og ei mor med karriere i bøkene om Aurora.
Geografi Anne-Cath. Vestly sine hovudpersonar er for det meste barn under skulealder, med unntak av Mormor, som har gått igjen i fleire seriar. Ho byrja med å fortelja om vesle Ole Aleksander som budde i eit høghus i Oslo, men flytte snart handlinga ut av «Den store byen». Vestly-universet dreier seg rundt Tiriltoppen, ein oppdikta drabantby utanfor hovudstaden, men handlinga kan òg gå føre seg på Gampetreff og Vetleby på Austlandet, Fabelvik i Nord-Noreg, eller verkelege stader, som Amsterdam og Lagos.
Skodespel igjen Sjølv om forfattarverksemda vart viktigare, gav ikkje Anne-Cath. Vestly heilt opp med skodespelet. Ho laga fjernsynsserien om Kanutten saman med mannen Johan Vestly, der Alf Prøysen òg var med som Romeo Clive. Seinare spela ho Mormor i filmatiseringane av bøkene om dei åtte ungane. Ho brukte kanskje òg skodespelarteknikk når ho lærte seg å spela fiolin for å kunna skriva om Guro og fiolinen, eller når ho reiste til Island for at Mormor òg skulle kunna reisa dit.
Verkliste Barneromanar 1953–1958 - Ole Aleksander 1953 - Ole Aleksander Filibom-bom-bom 1954 - Ole Aleksander på farten 1955 - Ole Aleksander får skjorte 1956 - Ole Aleksander og bestemor til værs 1958 - Ole Aleksander på flyttefot
Lese-lett-bøker (Desse hefta kom ut på Tiden Norsk Forlag i både bokmåls- og nynorskutgåver.) 1971 - Ole Aleksander hjemme og ute 1971 - Ole Aleksander og den slemme gutten 1971 - Ole Aleksander på skolen 1971 - Ole Aleksander på sirkus 1971 - Ole Aleksander og julepresangene
Bokormen 2002 - Ole Aleksander på skolen 2002 - Ole Aleksander flytter
Mormor og de åtte ungene (1957–1961; 1986, 1999) 1957 - Åtte små, to store og en lastebil 1958 - Mormor og de åtte ungene i skogen 1959 - Marte og mormor og mormor og Morten 1960 - En liten takk fra Anton 1961 - Mormors promenade 1986 - Mormor og de åtte ungene på sykkeltur i Danmark 1999 - Morten og mormor og Stormvind
Knerten-bøkene (1962–1974; 1998–2002) 1962 - Lillebror og Knerten 1963 - Trofaste Knerten 1964 - Knerten gifter seg 1965 - Knerten i Bessby 1973 - Knerten og forundringspakken 1974 - Knerten på sykkeltur 1998 - Knerten detektiv og Handelsreisende Lillebror 2001 - Knerten Politimann 2002 - Den store boken om Knerten
Aurora-bøkene (1966–1972) 1966 - Aurora i blokk Z 1967 - Aurora og pappa 1968 - Aurora og den vesle blå bilen 1969 - Aurora og Sokrates 1970 - Aurora i Holland 1971 - Aurora på Hurtigruten 1972 - Aurora fra Fabelvik
Guro-bøkene (1975–1981) 1975 - Guro 1976 - Guro og nøkkerosene 1977 - Guro alene hjemme 1978 - Guro og fiolinen 1979 - Guro og Lille-Bjørn 1980 - Guro på Tirilltoppen 1981 - Guro og Frydefoniorkesteret
Kaos-bøkene (1982–1987) 1982 - Kaos og Bjørnar 1983 - Lilla Olaug og Lubben 1984 - Kaosgutten i Vetleby og verden 1985 - Kaos førskolegutt 1987 - Kaos og hemmeligheten
Mormor-bøkene (1992–2004) 1992 - Ellen Andrea og mormor 1993 - Forundringspakken og Lagertha rasebasse 1994 - 5 på reise 1995 - Kostemarsj på Tirilltoppen 1996 - Mormor og én til hos Rosa 2000 - Småtassene og andre folk på Tirilltoppen 2002 - Monrad tenker 2004 - Monrad og mormor i den store klubben
Biletbøker 1997 - Lille-Draugen
Skodespel 1960 - Huset i skogen 1997 - Heksen Innmari og Frankogfri
Sjølvbiografi 1990 - Lappeteppe fra en barndom 2000 - Nesten et helt menneske
Prisar 1977 - Kirke- og undervisningsdepartementets sine premiar for barnebøker 1977 - Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris 1979 - Oslo bys kunstnerpris 1980 - Peer Gynt-prisen 1982 - Kulturdepartementets pris 1986 - Bokhandlarprisen for Mormor og de åtte ungene på sykkeltur i Danmark 1986 - Teskjekjerringas hederspris 1986 - Alf Prøysens Ærespris 1987 - Sofus mediepris 1989 - Regnbogeprisen 1990 - Paul Robeson-prisen 1990 - Oslo bys kulturpris Spellemannprisen 1991 i klassen Barneplate for Marte og mormor og mormor og Morten 1-4 1992 - Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1994 - Norsk kulturråds ærespris 1995 - Brageprisens heiderspris 1998 - Folkehelseprisen
Referansar: Denne artikkelen bygger på «Anne-Cath. Vestly» frå , den 15. desember 2008.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Åmot Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske radiostemmer Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen