Halfdan Fredrik Sibbern Møller () var ein norsk prest som gav ut fleire skrift på nynorsk.
Møller var fødd i Brønnøy, son til ein distriktslege. Sjølv vart han student 1880 og cand.theol. seks år seinare. Han var residerande kapellan i Volda frå 1887 og i Stavanger frå 1890. Frå 1891 til -98 var han reisesekretær i Norges kristelige ungdomsforbund. Sidan var han residerande kapellan i Sagene sokn i Kristiania. Frå 1918 til han døydde var han sokneprest i Ullern. Møller var mykje aktiv i kristelege og sosiale foreiningar og lag, så som Sagenes ungdomsforening, soldatheimen på Gardermoen og i Norsk søndagsskoleforening.
I 1899 gav Møller ut det nynorske skriftet Norsk huspostil: sundagstankar aat alle sundagar og festdagar i kyrkjeaaret og i 1902 Huspostil til dei gamle teksterne, også det på nynorsk. Elles omsette han utdrag frå norrøn litteratur, mellom anna fyrste delen av Kongsspegelen.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958 Denne artikkelen bygger på «Halfdan Møller» frå , den 3. mai 2018.
Kategori:Norske prestar Kategori:Nynorskforfattarar