Fredrikke Andrea Møllerup Mørck () var ei norsk kvinnesakskvinne, fødd og død i Trondheim.

Mørck var dotter til ein tollar. Ho tok lærarskuleeksamen i 1880 og arbeidde som guverante, lærar og skulestyrar ved ulike skular i hovudstaden fram til 1910. Ho skipa i 1900 Høiere Skolers Lærerindeforening og i tillegg eit engasjementskontor for lærarinner i høgre skular. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1926 til 1930.

Mørck var med å redigere det store verket Norske kvinder, en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundreaaret 1814-1914, som kom ut i 1914. Til liks med meiningsfellen Gina Krog ynskte Mørck snøgge endringar og var derfor aktiv i Landskvindestemmeretsforeningen. I 1916 tok Mørck over redaktørstolen i kvinnesakstidsskriftet Nylænde etter Krog, og var redaktør i tidsskriftet til 1927. Ho representerte Noreg på mange internasjonale kongressar.

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Trondheim