Fangeleirane i Lønsdalen og i Dypen i Saltdal kommune i Nordland var nokre av fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.
Nordlandsbanen blei provisorisk bygd over Saltfjellet til Lønsdal under den tyske okkupasjonen i 1940–1945, og tre fangeleirar blei oppretta på strekninga i denne periodenSæther, O. 1975. Registrering av nyere tids kulturminner i Saltfjellet. Rapport, Nordland fylkeskommune. S. 7
Lønsdal-fangeleiren Fangeleiren på Lønsdal (i Lønsdalen) hadde utanlandske fangar, anten sovjetiske og/eller jugoslaviske fangar.
Eit minnesmerke, bygd av frigjevne fangar frå leiren for å minnast døde medfangar, ligg i Lønsdal. «Inskripsjonsplaten er borte,» skriv nettstaden Polarbanen ved sidan av eit bilete av støtta.
Like etter krigen vart eit hotell bygd på tomta til fangeleiren i Lønsdal.
Fangeleiren ved Lønsdalsbrua Fangeleiren ved Lønsdalsbrua hadde 268 utanlandske fangar i mai 1945.
Dypen-fangeleiren Det finst ein teori om at fangeleiren i Dypen vart erstatta av fangeleiren Lønsdal.
«Dypen-fangeleiren» låg mellom «Lønsdal-fangeleiren» og dagens Europaveg 6 (eller E6).
Sjå òg Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen
Kjelder
Kategori:Historie i Saltdal Kategori:Fangeleirar i Noreg under andre verdskrigen