Pelle Politibil er ein norsk film frå 2002, basert på karakterar skapt av Åge Magnussen. Filmen er regissert av Thomas Kaiser, og hovudrollene vert spelte av Gard B. Eidsvold og Hege-Elise Strømsnes.
Handling Filmen Pelle Politibil handlar om «vesle Maria» som vert fråstelt sykkelen sin av skumle tjuvar med skumle planar. Politimannen «Onkel Rikhard» (Gard B. Eidsvold) vil gjerne hjelpe henne med å finne både sykkel og tjuvar, men har ingen politibil. Ei stjerneklar natt ynskjer «Maria» seg eit mirakel, og same natt får ho ynsket oppfylt; i eit fargesprakande gneistregn vert «Pelle Politibil» fødd og jakta på tjuvane kan byrje.
Bakgrunnsstoff
Pelle Politibil i Norsk filmografi (Nasjonalbiblioteket)
Kategori:Norske filmar Kategori:Barnefilmar Kategori:Filmar frå 2002