Tom Johannessen () var ein norsk fotballspelar som vart seriemeister 1961 med Fredrikstad Fotballklubb. Sidebacken spelte 4 landskampar for Noreg hausten 1961.

Johannessen spelte i forsvaret til FFK sist i 1950-åra og inn på 1960-talet. Han var i juni 1961 med å vinne den siste hovudseriefinalen mot Eik IF og fire månader seinare også NM-finalen mot Haugar.

Perioden 17. september-5. november 1961 spelte Johannessen 4 landskampar som venstreback. Dei tre fyrste enda med norsk tap, før det norske landslaget berga uavgjort 1-1 mot Malta i ein vennskapskamp i Gzira.

Kjelder eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Fredrikstad-spelarar Kategori:Folk frå Fredrikstad